MOLDE: – Vi har tru på Møreaksen, og køyrer på vidare ut frå dei føresetnader som ligg til grunn per no. Det er vårt mandat, og det følgjer vi, seier styreleiar for Møreaksen AS, Odd Helge Gangstad i ein kommentar til debatten om fjordkryssing i fylkesutvalet onsdag.

Hovudaksjonær

Han poengterer at fylkeskommunen er hovudaksjonær i Møreaksen AS.

– Fylkeskommunen er største eigar i selskapet. Om saka kjem opp i samferdselsutvalet og fylkestinget, og fylkeskommunen endrar syn, så har vi ein annan situasjon enn tidlegare. I så fall må vi til med ekstraordinær generalforsamling. Men dette får vi ta etter kvart, når vi ser korleis dei handterer dette, seier Gangstad.

– Kva tenker du om at denne saka kjem opp no?

– At det er merkeleg. Men som sagt jobbar vi uansett ufortrødent vidare med saka som før, ut frå det oppdraget vi har fått.

– Ser du det som muleg at det vert jobba med Møreaksen, parallelt med utgreiing av Romsdalsaksen?

– Nei, det kan eg ikkje forholde meg til.