– Skal me ikkje snart slutte med revy no? spør Jon Petter Syltebø under opningsnummeret på påskerevyen i Tresfjord laurdag.

– Nei, er eit unisont svar frå sal og scene.

Dermed braka det laus med to timar underhaldning med sterk lokal forankring i eit fullsett Tresheim. Publikum var med frå første nummer, og lattermusklane fekk trimma seg.

Påskerevyen " Va de se lekt" er den 27. i rekka. Revyen er blitt ein like naturleg del av påska som appelsin og Kvikk Lunsj, det er berre noko ein må ha med seg. I salen var det mest bygdefolk, men også mange utflytta tresfjordingar nyttar høvet til ein nostalgitripp og møte med gamle kjente.

Nært er kjært

Det krev ein del lokalkunnskap å få med seg innhaldet i alle innslaga. Men reaksjonen frå publikum tyder på at dei treffer.

Tresfjordingane er opptatt av naboane sine, enten det er forsiktige vågstrendingar som håpar på eit betre liv dersom dei får flytte kommunegrensa, eller vestnesingar som får god hjelp frå Tresfjord.

Alle tekstene er heimelaga, det er godt gjort i ein revy på to timar. Oppe på galleriet får aktørane musikalsk oppbakking av kvartetten Trond Ivars. Framføringa er av høg kvalitet, enten melodiane er henta frå Edith Piaf eller Odd Nordstoga.

"Ei kjerring i livet" er ei litt sørgmodig omskriving av Nordstoga sin kjente song om farfar, i Tresfjord er det bonden som strevar med å finne seg kone.

Rita som Sylvi

Eit av høgdepunkta i revyen er Rita Kjersheim med eit digert kors rundt halsen som Sylvi Listhaug. Ho angrar ikkje på noko.

Litt politikk er det også plass til, og her er Møreaksen og Vestnes kommunestyre eit naturleg tema med nådelaus partipisk. Berre ordføraren unngjekk den.

Lokale nyheiter dannar eit viktig bakteppe for revyen. Her er det mykje å hente. Bondens marked er blitt til storbondens marked. Vågstrendingane som vil over frå Rauma til Vestnes, for i Vestnes legg dei vel ikkje ned skular? Dei mange gjeremåla til den svært aktive presten i Tresfjord blir også kommentert på ein humoristisk måte.

Etter premieren fekk revyfolket blomster og takk og godord både frå Vestnes kommune og Vestnes teaterlag.

Atmosfære

Påskerevyen i Tresfjord har ei eiga atmosfære, gamle Tresheim er rette møteplassen. Vi merkar at skodespelarane trivst på scena, oppbakkinga frå publikum smittar over.

Gjennom alle desse åra har det vore mange utskiftingar i mannskap. Mange unge har komme til og fyller plassen godt.

No er det framsyning kvar kveld fram til og med onsdag, då begynner den meir høgtidelege påska. Før den tid blir det mange kveldar på latter og moro på ungdomshuset Tresheim.