Hassan Ali Al Ahmad (29) tek nokre siste sting for å rette på hektene på Adeles kjolerygg.

Finkjolen passar perfekt, det er skreddarsaum, til dels sydd for hand.

– Bra i Eidsvåg

Hassan flykta frå Aleppo i Syria, der han og familien dreiv butikk og skreddarverksemd. Saman med kone og to døtrer er han busett i Eidsvåg – det er han svært fornøgd med.

– Norge er veldig bra, Eidsvåg er kjempebra! Alle er snille og har teke så godt mot oss, både i kommunen, i barnehagen og på skulen. Folk er imøtekommande og hjelpsame, helser og snakkar med oss. Derfor fekk eg lyst å gi noko tilbake, og fekk ideen om kjolane, forklarer Hassan.

Kjoleplan

Dermed tok kjoleplanen form. Sidan han har bakgrunn innan tekstil og saum, bestemte Hassan seg for å tilby å sy kjolar etter smak for ein gjeng jenter som har betydd mykje for han og kona. Ungdommane har nemleg gitt busette flyktningar på vaksenopplæringa hjelp med lekser og språkopplæring.

Kjolehistoria starta slik på Frivilligsentralen i Eidsvåg, i lekserommet over skulebøker og notatblokker. Der har dei busette flyktningane møtt elevar ved Eidsvåg barne- og ungdomsskole, som har valfaget «Innsats for andre». Å hjelpe med språktrening på vaksenopplæringa, er eitt av områda dei kan velje i dette faget.

Hjelper andre

Klassen har elevar frå ulike trinn på ungdomsskulen, og fordeler hjelpeinnsatsen på barnehage, sjukeheim og leksehjelp på vaksenopplæringa.

– Vi som er her hjelper flyktningar med lekser, pratar med dei og hjelper med språkøving. Og så har vi det artig, fortel Lena Vassli, Adele Leirstad Rausandhaug, Synnøve Kvernberg, Karoline S. Silseth og Kristoffer Alme Staurset, elevar i valfagklassen.

Dei har dette semesteret vore språkhjelparar på vaksenopplæringa to timar i veka.

– Dialekt vanskeleg

– Veldig bra, seier Hassan og smiler, og føyer til at norsk ikkje alltid er så lett.

– Det kan vere vanskeleg med dialekt, seier han.

– Vi tala vel ofte litt fort, det hjelper å ta det litt saktare og forklare litt ekstra, seier Lena.

Frank Stenløs, dagleg leiar ved Frivilligsentralen, supplerer at det stort sett går fint og at stemninga er god – det er ikkje sjeldan at lattersalvene rungar i lokala.

Her får to klassar med busette flyktningar undervisning gjennom Vaksenopplæringa, til hausten vert det tre klassar.

– Suksess

Ansvarleg for vaksenopplæringa i Nesset, skolefagleg rådgivar Frode Sundstrøm, roser språkhjelp-opplegget.

– Det er ein suksess! Eg håper samarbeidet med ungdomsskulen kan halde fram, seier Sundstrøm. Han viser til at det er viktig både med tanke på integrering, og ut frå forståing av fag og språk.

– Dialog og samtale som kjem i tillegg til leksene, er veldig bra for norskforståinga, ikkje minst når det gjeld å forstå dialekt, seier Sundstrøm.

Han er også kjend med kjoleprosjektet.

– Ein del av dei som kjem hit, har kunnskapar utanom det vanlege. Det er artig når det er går an å få til slike ting, seier Sundstrøm.

Gikk unna

Lena, Adele, Synnøve og Karoline takka ja til Hassans uventa kjoletilbod.

– Det var jo veldig overraskande og kjekt. Vi tok med bilde eller teikning av kva type kjole vi ville ha, så var det måltaking og prøving, fortel dei.

Svarte, raude og blomstrete tøy vart sydd om til finkjolar slik jentene ønska seg det – Hassan ordna pynten.

Etter ein månads tid var kjolane klare, delvis sydd for hand, delvis på ein symaskin han fekk låne på Frivilligsentralen.

Symaskin-ønske

– Vi har fått donert ei symaskin som vi låner ut, opplyser Frank Stenløs.

Han håper det kan ordne seg med ei eiga symaskin til Hassan, så han kan halde fram med syprosjekt.

– Eg vil jo gjerne sy meir, kanskje noko for deg også, seier Hassan til Kristoffer.

Kjole 1: Lena Vassli. Foto: ERIK BIRKELAND
Kjole 2: Karoline S. Silseth. Foto: ERIK BIRKELAND
KJOLE 4: Adele Leirstad Rausandhaug. Foto: ERIK BIRKELAND
KJOLE 3: Synnøve Kvernberg. Foto: ERIK BIRKELAND