– Læraren nekta å svare på spørsmåla

Russens tema i årets borgartog var betre seksualundervisning i skulen. Sjølv måtte dei ty til internett for å lære.

Betre seksualundervisning i skulen: Årets innslag i borgartoget frå russen i Molde handla om eit tema mange var personleg råka av – dårleg eller manglande seksualundervisning. 8Foto: Bjørn Brunvoll 

Pluss +

Molde: – Veldig mange av årets russ fekk aldri noko særleg til undervisning om sex og seksualitet på skulen. Da vi hadde ei ope røysting om val av årets tema ville dei fleste derfor gjere folk merksam på det problemet, seier Astri Rød Husøy, togsjef for russen ved Molde vidaregåande skule.