Ho er ny plassjef for Brunvoll Volda

Kristin Hide Truelsen tek over etter Hallvard Pettersen som går inn i ei ny stilling i Brunvoll-konsernet.
Næringsliv

(Møre-Nytt): – Det beste med jobben min er å vere saman med kreative menneske som kvar dag er opptekne med å skape resultat og finne gode løysingar for kundane våre. Eg er heile tida fascinert av den høge kompetansen vi har i selskapet, både internt i Volda og på tvers av lokasjonane i Brunvoll-gruppa, seier Truelsen (50) til Bruvoll si eiga heimeside.