Jørgen Ask Bakke (31) har vore leiar for aktivitetssenteret halve livet – no jublar han for nye midler

Laurdag og søndag skinte sola ned på entusiastane bak det maritime aktivitetssenteret (Maks) i Røsokvika på Harøya. I sommartemperatur, og maks oppslutning frå små og store, mottok dei med 400.000 kroner frå det offentlege.

Med MAKS-naustet i bakgrunnen er dette dei første padletaka for starten på det nye samarbeidet mellom MAKS Harøy og Ålesund kommune. Frå venstre Jørgen Ask Bakke, Torill Morsund Huse og Nicolai Flatøy.  Foto: Svein Ove Søholt

Næringsliv

Dei 400.000 kronene blei tildelt frå Nasjonal tilskotsordning frå barne-, ungdom- og familiedirektoratet (Bufdir) for å inkludere barn og unge. For desse midlane er det no innkjøpt fleire og nye kajakker, SUP-brett, masse våtdrakter i alle storleikar, redningsvester og anna verneutstyr, telt og turmateriell tilpassa maritime aktivitetar og ikkje minst kjøp av instruktørhjelp for kursing i «Våttkurs Grunnkurs Hav». Det nyrenoverte MAKS-naustet er med det breddfullt av utstyr som er klart for gratis utlån.