Bensinstasjon blir take-away

Ho har gått frå take-away i kjøkkendøra, via matvogn og fredag opnar Orraphim Phonphimai asiatisk take-away i den tidlegare bensinstasjonen i Bakkemyra på Gossen. – Vi er veldig spent på responsen, fortel den driftige dama.

ENDELEG GOD PLASS: Orraphim Phomphinai har tidlegare drive take-away frå heime og matvogn. – No har eg endeleg alt på ein plass. Her kan eg gjere alt på ein stad og gå heim og slappe av etter endt arbeidsdag, fortel ho.  Foto: Gunn E. Aarønes

Næringsliv

Siste hand blir i desse dagar lagt på lokala i den tidlegare bensinstasjonen i Bakkemyra på Gossen. Romma er ikkje til å kjenne igjen – med asiatiske varer i hyllene og ein omfattande meny hengt opp framfor det store og romslige kjøkkenet er det ikkje spor etter hverken frostvæske, vindusviskarar eller motorolje. No er det lyst og ope, med flunkande nytt kjøkkenutstyr og store lagerrom: