Dramatisk i Tusten da skot frå ukjent skyttar brått gikk av mellom to jegerar i gang med drivjakt
– Ei rimeleg skummel hending for eit jaktlag, når ein veit kor dødeleg eit rifleskot kan vere, seier Riise Johansen.
Fant ikkje spor
Politiet undersøkte området, men utan å finne spor.
– Ser politiet på dette som tjuvjakt?
– Vi kan jo ikkje seie det sikkert, men ein kan mistenke det. Det spesielle her er at det skjedde på lyse formiddagen, og så nær folk ute i terrenget, seier Riise Johansen.
Han oppmodar folk om å komme med tips om dei har sett noko uvanleg i området.
– Om skotet har ei «naturleg forklaring», er vi sjølvsagt også interessert i å få kjennskap til dette, seier Riise Johansen.