– Dei pårørande vert ofte gløymt. Eg håper folk får litt auga opp, ser kva dei næraste går igjennom, og kva for ein ressurs dei kan vere, seier Lilleheim.

Botnen

Lilleheim var midt i førtiåra når han vakna på sjukehus, og fekk høyre av legen at han hadde hatt hjerneslag.

– Eg vart liggande på sjukehuset i to månadar. Der vart eg fôra gjennom ein slange, mens eg var lam i høgrehanda og høgre side av ansiktet. Høyrselen på høgre øre har enda ikkje komme seg, og eg slit framleis med balansen, seier Lilleheim.

Tilbake i jobb

Av dei 12 000 som vert ramma av slag kvart år, er berre 20 prosent i yrkesaktiv alder. Mange av dei ender opp som uføre.

– Det tok ei stund før eg gjekk tilbake til jobb, da begynte eg med ti prosent stilling. Kjensla av å trekke på seg uniforma og gå på jobb, om berre 3,5 timar i veka, var utruleg løftande. Om eg snart går opp til 50 prosent kjem eg til å stråle som ei sol, seier fengselsbetjent i Ålesund fengsel, Lilleheim.

Pårørande til hjelp

Toppen er enda ikkje nådd for Lilleheim, men saman med kona skal han no ut og fortelje om korleis dei har kome seg eit godt stykke på vegen.

– Eg snakkar ut om opplevinga eg har hatt, så fortel Birgit om korleis ho hadde det i same tidsperioden. Undersøkingar viser at hjerneslag ofte fører til samlivsbrot og familieproblem, men dei pårørande kan òg vere ein utruleg ressurs for den ramma, vi vil få fram begge desse sidene av saka, seier Lilleheim.

Feiloppfatningar om slagramma

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke Vestnes skal arrangere møtet med ekteparet, den 11. mai kl. 18 på Vestnes frivilligsentral.

– Det er ikkje berre slagramma som vil få noko ut av å kome. Dei som har det som fagfelt, familiane til slagramma, arbeidsgjevarar, og det offentlege trur eg alle kan få eit nytt syn på ting. Folks oppfatningar om hjerneslag er ikkje alltid så nære røyndommen.

Nettverk for slagramma

To dagar før møtet i Vestnes, oppretter paret frå Sunnmøre eit nettverk for slagramma.

– Fleire unge har snakka med oss, og etterspørselen er der. Når vi no opprettar LHL Hjerneslag Ung Nordvestlandet håper vi det blir eit møtepunkt som kan hjelpe. Det er heldigvis ikkje nok unge som får slag, til å ha eit lokallag i kvar kommune, men vi skal likevel få til treff rundt om kring, seier Lilleheim.

Ikkje gløym barna

Første gong Lilleheim vart henta av ambulansen var det med dottera som vitne, han håper nettverket kan gjere det lettare for pårørande i alle aldrar.

– Eg vil få til eit par familietreff. Når ein seier "pårørande" tenker ein vanlegvis på samlivspartnaren, barna blir ei usynleg gruppe. Om barn får snakke ut om deira oppleving med andre barn, trur eg det vil vere godt for dei, seier familiefaren.