Rauma: Den gamle ferdselsvegen mellom Åfarnes og Torvik i Rauma var i eldre tider berre ein opptrakka sti. Steinklopper og enkle trebruer vart laga for at folk og fe skulle kome seg over bekkar og elver. Overgangen frå sti til veg skjer på slutten av 1700-talet, og den stilreine steinkvelvbrua over Gjerdsetelva blir bygd i 1833. Utbetring av stien og utbygging av vegen skjer på grunn av aukande bruk. Dei mange som hadde ærend til Romsdalsmarknaden, ville heller reise over land enn å bruke båt. Alt i 1768 skriv holtzførster (forstmann) Hans Peter Schnitler at mange vegfarande brukar denne vegen «i sær Trondhjemske Borgere naar De vil til Romsdalske Market, for at undgaae den fæle Romsdalsfiord».

Steinkvelvbrua på Gjerdset vart restaurert av Statens vegvesen og Rauma kommune i 1978. Du får eit glimt av ho når du køyrer gjennom bygda, men ho ligg 150 meter ovanfor dagens hovudveg. Vil du sjå ho på nært hald, må du stoppe og gå opp gjennom tunet på Gjerdset turistsenter. Ta deg tid til å studere både heilskapen og detaljane i det nesten 200 år gamle byggverket. Dei kunne handverket sitt dei gamle brumurarane!

Historisk arv

Byggemåten har røter frå det gamle Egypt, Midt-Austen og Romertida. Romerane utvikla teknikken til eit høgt nivå med bygging av bruer, bygningar og ikkje minst den enorme nettet av akveduktar for å leie vatn over store avstandar. Ei steinkvelvbru er ei bru som blir halden oppe av ein eller fleire underliggande trykkbogar, kvelv, laga av naturstein. Dei eldste steinkvelvbruene er tørrmura ved at steinane vart stabla inntil kvarandre utan mørtel i fugene. Konstruksjonen vart på denne måten svært solid, krev lite eller ikkje noko vedlikehald og kan stå i hundrevis av år, slik vi ser med dei gamle romerske akveduktane.

Steinkvelvbruer

Det er om lag 282 steinkvelvbruer i Statens vegvesens register over bruer på det norske vegnettet. Brua med det lengste hovudspennet er Skodjestraumen bru på Sunnmøre med 59 meter. Dei eldste vart bygd på midten av 1600-talet men utover på 1900-talet vart dei gradvis utkonkurrert av betongbruene. Dei eldste jarnbanebruene var laga av jarn, men med Bergensbanen kom det eit gjennombrot for steinkvelvbruer også for jarnbane. Dei største finn vi på Dovrebanen og Raumabanen. Orkla bru med sine 84 meter er den lengste i Norge. Hovudspennet er på 60 meter. Begna bru på Roa – Hønefosslinja er 216 meter lang og består av ti steinkvelv. Solkanbrua i Slovenia og Manshuibrua ved Luoyang i Kina med 85 og 90 meter spenn blant dei lengste steinkvelvbruene i verda.

Her er ein del andre gamle bruer i Romsdal som er vel verd eit besøk. Ta ein rundtur med bil for å sjå og oppleve. Ja, dersom du er interessert då, vel og merke!

Skjerså bru. Ei bru som kan samanliknast med Gjerdsetbrua, er steinkvelvbrua på Skjerså vest for Hjelset. Den vesle elva Skjersåa har namn etter eit lite skjær i sjøen rett utanfor elveosen. Ein liten minnestein oppe ved dagens bru over hovudvegen fortel at brua stod ferdig i 1836. Brua vart bygd som erstatning for ei gammal trebru, som ifølgje veginspektøren hadde fått store ròteskadar. Bjørn Korsan og Iver Wollan frå Rødven fekk jobben med å bygge brua, og prisen var 63 spesiedaler. Brua var i bruk fram til 1909 då ei ny bru vart oppført på hovudvegparsellen Hatlen – Mjelve. Sjå korleis naturlege steinheller dannar ein solid boge som held brukonstruksjonen saman. Imponerande og vakkert!

Istad bru. Eg senkar som regel farta når eg køyrer bil og nærmar meg gamlebrua på Istad, men det beste er sjølvsagt å stoppe og bruke litt tid til å nyte synet. Ho vart bygd i 1908 og er eit stilreint og vakkert byggverk med brukar og kvelving av tilhogd stein.

Stigfossbrua. Trollstigvegen er så imponerande i seg sjølv, at brua over Stigfossen kan komme litt i skuggen. Dessutan ser ikkje turistane så mykje av sjølve brua når dei tar den tradisjonelle stoppen for å sjå på utsynet og kjenne på trykket og vassgovet frå Stigfossen. Men går du Kløvstien frå Isterdalen, kjem du tett på brua frå nedsida. Det er vel verd turen av mange grunnar, og Stigfossbrua er ein av dei.

Kyllingbrua. Ta turen til Verma og sjå dette kunstverket av ei jarnbanebru. 76 meter lang, 59 meter høg og med eit hovudspenn på 42 meter. Bygd i tidsrommet 1913 – 23.

Kabbebrua. Dette er ei såkalla framskjøtbru. Det vil seie ein bruteknikk som baserer seg på kraftige tømmerstokkar som blir haldne på plass av store steinblokker. Midtseksjonen er ein lang tømmerstokk. Kabbebrua er svært gammal, og vart restaurert i 1993–94. Det finst mange interessante restar av slike bruer på Verma, mellom anna i elvejuvet nedanfor Kyllingbrua.

Holfossbrua. Bru over Kjersemelva ved Tøssehølen mellom Kjersem og Nerem i Tresfjord. Byggeår 1899. Lokale krefter har rydda skog, pussa opp brua og laga tursti og friluftsområde med brua som utgangspunkt.

Skorgen bru. Ta deg ein tur innover skogen langs Skorgeelva i Vestnes. Der, ovanfor Hamballhølen, finn du den gamle steinkvelvbrua frå 1905. Restaurert i 1977.

Gamlebrua på Vestnes. Straumen mellom fjorden og Flatevågen på Vestnes har tre bruer frå ulike tidsperiodar. Den eldste er eit smykke av ei bru bygd av stein og tremateriale. Byggeår 1844. Brua er verna som ein del av Den Trondhjæmske Postvei.

Varnesbrua. Eit vakkert byggverk som bind saman Dryna og Midøya, og ein bauta over heidersmannen som bygde brua, Jonas Varnes (1859-1957). Arbeidet vart gjort frå 1902 til 1904. Birger Nygård har laga eit dikt som fortel historia om mannen og livsverket hans. Det kan lesast ved brua. Varnesbrua vart restaurert i 2003.