NESSET: – I Nesset har vi små bedrifter, som kvar for seg vil ha vanskar med å komme i posisjon til å få oppdrag i sjukehusutbygginga. Derfor er det viktig å få til nettverk og samarbeid som kan bidra til at også «våre» bedrifter får del av desse oppdraga.

Søker midlar

Det seier Ulrik Molton, dagleg leiar i Nesset Næringsforum, og Stig Bjarne Silseth, styreleiar i næringsforumet. Forumet søker no Nesset kommune om pengar frå kraftfondet, for å delfinansiere eit prosjekt med dette formålet.

– Planen har vore omsnakka og klar i fleire år, men det trengst midlar. No håper vi på tilslag når søknaden skal behandlast i formannskap og kommunestyre, seier Molton og Silseth.

Kunnskap og nettverk

Dei meiner det vil vere aktuelt for ulike typar lokale bedrifter å kunne delta i utbygging, drift og vedlikehald av det nye sjukehuset på Hjelset. Det gjeld kontraktar innan bygg- og anlegg, utstyrsleveransar, varer og forsyning, og servicetenester.

– Vi må komme oss i posisjon, og få ta del i denne store utbygginga, seier Molton og Silseth. Dei vektlegg kunnskap, men også etablering av bedriftsnettverk, og samarbeid mellom aktørar.

«Papirarbeid»

– Vi vil bidra med kompetanse og støtte til lokalt næringsliv, særleg når det gjeld utarbeiding av tilbod og kontraktar, hjelp med dokument og anna «papirarbeid», kvalitetssikring og andre sider som kan vere utfordrande for mindre bedrifter å handtere. Slik kan også våre lokale bedrifter kunne vere aktuelle for oppdrag på Hjelset, seier Molton og Silseth.

– Er ein ikkje litt seint ute med dette?

– Det er nok like før toget går, ja, så ting må skje no, i denne budsjettrunden. Neste år vert for seint. Men det er framleis tid; sjølv om riving på sjukehustomta begynner over nyttår, vil oppdrag for bygg, vedlikehald og drift vere aktuelle også vidare framover. Får vi midlar no, så kan vi få i gang prosjektet i tide, seier Molton og Silseth.