– Skøyteis på Lesjaskogsvatnet!

Det var meldinga eg fekk frå Arild Sele og Anne Elisabet Amdam for eit par veker sidan. Som mange andre moldensarar har dei hytte ved det 10 km lange vatnet mellom Lesjaskog og Lesjaverk. Dei kunne fortelje om vinter og kuldegrader utan snø, og at dei hadde prøvd turskøytene alt 21. november.

Ei veke seinare, laurdag 28. november, tok eg turen til Lesjaverk for sesongens første skøytetur. Under vegs var det lite som minte om vinter. Rett nok var det nysnø på toppane og is å sjå langt oppe i fjellsidene, men termometeret på bilen viste varmegrader heilt til eg hadde passert Verma.

På Bjorli var det berre kunstsnøen i alpinanlegget som minte om vinter, men for første gong denne dagen kunne eg glede meg over kuldegrader på termometeret. Ved Lesjaskog fekk eg det første glimtet av det islagde Lesjaskogsvatnet. Endeleg!

Skøytetur

Arild står klar med skøyter og skistavar, og viser veg ned til den etterlengta isflata. Snart glir vi bortover den blanke stålisen. Herleg!

Vi går ut på isen om lag midt på vatnet, og får oss eit par timar med fin skøyting på ei blanding av blank stålis og noko meir ruglete underlag her og der. Skogkledde holmar og ei blanding av smale sund og breie område gjer ein skøytetur på Lesjaskogsvatnet både variert og interessant.

Vi nærmar oss ei av bruene, og ser at isen her ikkje berre er tynn, men heilt fråverande. Under brua er det ope vatn. Vi går på land ved ei brygge, og held fram til fots forbi det kritiske området på begge sider av brua. Elles ser vi at isen er 10 – 15 centimeter tjukk. På små vatn og tjern er det ein god regel at isen (blank stålis) bør vere 10 – 12 cm tjukk for å vere sikker for ferdsel på skøyter eller til fots. På større vatn og innsjøar, 14 – 15 cm. Det er viktig å understreke at ein må undersøke isen fleire stader. Under bruer, rundt nes og ved elveosar kan isen ofte vere usikker sjølv om det er solid is over alt elles. Sjå også opp for kvite felt som viser at det har samla seg opp gassbobler under isen. Vi kunne slå skistavane våre tvers gjennom isen på ein del av desse boblene!

Lekk i begge endar

Lesjaskogsvatnet er ein vel 10 kilometer lang innsjø i Lesja kommune i Oppland. Vatnet ligg på 611 meter over havet, og herfrå er det unnabakke i begge endar. Rauma fossar ned Romsdalen frå nordvestenden, og i søraust startar Gudbrandsdalslågen si rolege ferd ned Gudbrandsdalen med kurs for Mjøsa. På fagspråket kallast dette merkelege fenomenet «bifurkasjon». Når Lesjaskogsvatnet trass dette ikkje «går tom», har det samanheng med at innsjøen får god tilførsel med vatn frå sideelvane Vålåi, Hyrjon, Skottåi og Brandliåi.

Før 1660 hadde Lesjaskogsvatnet berre eit utløp, mot Rauma. Då vart vatnet demt opp tre meter for å skaffe vatn til drift av jarnverka (Lesjaverk), og det som før var fleire mindre vatn og myrområde vart omskapt til ein innsjø på 5,4 kvadratkilometer.

Friluftsparadis

Lesjaskogsvatnet er i våre dagar eit populært rekreasjonsområde av stor verdi for fastbuande, hyttefolk og turistar året rundt. Vatnet har ein god bestand av fisk, og den største som er fanga skal vore på 6,5 kg. På sommarføre er Lesjaskogsvatnet mykje brukt av båtfolk, kajakk- og kanopadlarar og av folk som går tur eller syklar på skogsvegane og stiane langs vatnet. Mange fine rasteplassar, gapahukar og fiskeplassar med universell utforming gjer sitt til å auke populariteten og rekreasjonsverdien for stadig fleire brukargrupper.

Våtmarksområda på sørsida av vatnet gjer at dette også er eit område med rikt fugleliv. Her er det ein stor bestand av hegre, trane og andre vadefuglar.

Denne reportasjen er skriven på grunnlag av ein tur eg gjorde for to veker sidan. Is- og snøforhold kan sjølvsagt endre seg frå dag til dag. Sjekk forholda før du tar turen til Lesjaskogsvatnet! Akkurat no ligg det sannsynlegvis litt snø på isen.