Otrøya og resten av Midsund kommune har mykje å by på. Hav og fjord, fjell og dalar, natur og kultur. Øykommunen Midsund med Otrøya, Midøya, Dryna, Tautra og ei mengd andre mindre øyar og holmar er eit landskap og eit samfunn med frodig mangfald og store kontrastar.

Denne gongen skal eg sykle, og turkameraten min er Alfred Johansen, ein sykkelinteressert friluftsmann frå Stordal på Sunnmøre. Men vi skal ikkje sykle berre for å sykle. Nei, denne gongen er sykkelturen like mykje eit middel som eit mål. Otrøya rundt er ein grei dagstur i eit vakkert og variert landskap, men også ein tur som freistar til mange pausar for å sjå kva ein kan oppleve under vegs.

Kveite i stein

Bilen blir parkert i Mordalsvågen, og etter eit kvarters ferjetur over Julsundet trillar vi i land på Solholmen ferjekai.

– Skal vi sykle innsida eller utsida først? spør Alfred.

Eg er ikkje i tvil. Det finaste er å sykle med sola på solsida. Det er haust, men sola varmar likevel godt utover formiddagen. Det må vi utnytte.

Etter nokre bratte kneikar i starten har vi passert Jenset, og det flatar ut ved Nord-Heggdal. Her tar vi første kulturstopp. Nede ved sjøen veit eg at vi kan studere to fine helleristingar.

– Ser du kveita?

Eg lar høgre peikefinger følgje linjene i fjellet. Straks kan vi både sjå og kjenne bildet som vart hogd inn i den store steinblokka av ein kunstnar langt tilbake i tida. Ei sprellande kveite som slår med sporden etter at ho er fanga. Vakkert!

Ved sidan av har den ukjende kunstnaren rissa inn ein skogsfugl. Igjen denne sikre og fine streken frå ein kunstnar som har valt ei steinblokk ved sjøen på Otrøya som materiale, atelier og utstillingslokale!

Motormuseum

Vi syklar vidare med synet av Romsdalsfjorden, Tautreholmane, Melen i Fiksdal, Hesten på Rekdal og den karakteristiske Skjæringen midt i mellom.

Vi stoppar på Opstad. Eg fortel Alfred om då eg var på Kortreist-besøk hos Bjørn og Bjørnar Opstad ved Opstad Motormuseum i fjor sommar. Denne gongen nøyer vi oss med å kikke inn gjennom glaset, men neste gong skal eg gjere avtale om omvising for å sjå og høyre gamle båtmotorar og veterantraktorar.

Til trøyst lar eg Alfred få sjå røyken og høyre dunkinga av ein Wichmann semidiesel. Den opplevinga har eg nemleg gøymt som ein videosnutt på mobiltelefonen min frå sist eg var innom Opstad Motormuseum.

Over oss ruvar Opstadhornet, men eg forsikrar om at her er det rolege tider samanlikna med Mannen og Åkerneset. Eit fjellskred med etterfølgjande tsunami frå Opstadhornet ligg nok minst like langt fram i tid, som helleristningane på Nord-Heggdal ligg tilbake i tida. Trur eg.

Vi syklar vidare i roleg tempo forbi Sør-Heggdal. Neste gong kan vi kanskje ta turen herfrå og over den eldste offentlege vegen på Otrøya, gjennom Skaret over til Rakvåg på nordsida av øya.

Krigsminne

Neste stopp er Klauset. Nede ved sjøen ligg Klauset torpedobatteri, eit dystert minne frå krigen 1940 – 45. Ei solid festning med tjukke betongveggar og fri sikt mot vest, sør og aust i Romsdalsfjorden.

Vi låner nøklar av Hermod Klauset, og får oss ei interessant stund med innlagt matpause nede i fjøra. Den dystre betongfestninga fortel om fem vonde år i vår norske historie, men 75 år etter freden i 1945, er dette også ein spanande og interessant historietime.

– Var det ikkje her krigshelten Sven Sømme spionerte og vart tatt til fange av tyskarane?

– Ja, det stemmer, fortel Hermod Klauset, – Sven Sømme låg i skjul oppe i fjellet rett bak her. Derfrå tok han bilde som skulle sendast over til England. Han vart avslørt og tatt til fange, men klarte å rømme frå rutebåten på Åndalsnes, og fekk hjelp til å komme seg over fjellet til Sverige.

Vi kunne nok ha blitt heile dagen på Klauset for å studere krigshistorie, men må vidare. Snart ser vi Bløkallen med sin vulkanliknande topp framom oss. Ein stor sving mot høgre og Midsundet, Midsundbrua og kommunesenteret dukkar opp i synsfeltet.

Kystkultur

Nede på hamna stoppar vi ved «Hotellet», Ola Misunds velhaldne og staselege sjøbu med kleggen «Viking» ved kai.

– Bli med inn, så skal de få ei omvising, seier den alltid gjestfrie Ola Misund.

Vi går frå rom til rom, og får oss endå ein historietime. Denne gongen om kystkultur, fiske, fiskehandel og butikkdrift. Men det er ei anna historie,  som skal få sin eigen Kortreist-reportasje seinare i haust. Vent og sjå!

Resten av sykkelturen? Strake vegen langs nordsida av Otrøya, med korte stopp for å sjå oss tilbake mot kveldslyset over sunnmørs- og romsdalskysten.

Det var det vi vann over på ein dag med sykkel og mange stopp rundt Otrøya. Ikkje så reint lite faktisk!