– Eg får tilsendt opptak frå heile verda, og drar innom studioet kvar dag for å gjere ferdig albumet, seier Danielsen.

Det siste tilskotet til prosjektet fekk Danielsen frå USA, med den tidlegare gitaristen i KISS, Bruce Kulick.

– Da eg først snakka med han, var han interessert. Han syntest det var kult kva eg fekk til, utan å kjenne nokon store i industrien. Vi blei einige om at viss eg skreiv ein bra nok song, så skulle han bidra med ein gitarsolo på han. Eg sende ein song litt seinare, og heldigvis likte han den, fortel Danielsen.

Held på løyndomane

Danielsen fekk avtalen med KISS-gitaristen allereie i november, men har måtta halde det løynleg fram til no nyleg.

– Kulick er veldig opptatt, så han hadde ikkje tid til å spele inn ny musikk før no i vår. Det har vore vanskeleg å halde på løyndomen så lenge, og enda sit eg med nokre fleire eg gler meg til å avsløre, seier Danielsen.

Den travle gitaristen tok seg tid til ein kort kommentar, når avisa tok kontakt.

– Eg syntest det var kjekt å bidra med ein lidenskapeleg gitarsolo, sa Kulick.

Økonomisk tapsprosjekt

Det er ikkje billig å få dei store namna med i albumheftet, nokre av dei kostar titals tusen kroner.

– Det blir ikkje eit lønnsamt prosjekt, men for meg er det utruleg kult å høyre mine eigne låtar spilt av heltane mine, seier Danielsen.

Første opptrykk av det første albumet i trilogien blei utseld. 1000 cd-ar og 100 vinylar var likevel ikkje nok til å dekke kostnadane.

– Eg er langt ifrå å gå i null. Det er ikkje for å bli rik at eg driv med musikk. No til dags trur eg slikt er fånyttes, seier Danielsen, som til dagleg er lærar i Ålesund.

Saman med sambuaren, realiserte bolsøværingen førre veke eit prosjekt han veit vil gå i null; ein singel for Kreftforeninga.

– Vi innsåg at alle rundt oss var råka av kreft, og dette kunne vere ein fin måte for oss å hjelpe, seier Danielsen.

Langtidsperspektiv

The Legend of Valley Doom, som trilogien Danielsen vanlegvis arbeider med heiter, blei påbegynt allereie i 2005.

– Det første albumet tok 10 år, før det kom ut. Del to håpar eg å gjere ferdig no i juni, men så vente med å gi det ut, til starten av 2018. Da får eg litt tid fri, og eg kan la albumet få leve litt lenger, seier Danielsen.

Siste del av trilogien kjem i 2020. Da er forteljinga avslutta.

– Dei tre platene fortel ei samanhengande historie. Kort fortalt kjem ein "utvald" til landsbyen, og må redde befolkninga frå vonde makter. Han lykkast ikkje på første plata, og leiter no etter dei magiske våpena han treng. Det er eigentleg ganske nørdste greier, seier låtskrivaren.

Black Sabbath over ABBA

Danielsen bryt ofte ned popsongar når han undervisar. Han liker å vise korleis ein god og fengande song er bygd opp. På privaten er det likevel metal-sjangeren han føretrekker.

– Musikk innanfor metal-sjangeren er den beste måten å uttrykke seg på. Det er ein sjanger nesten utan grenser. Det må ikkje vere fort og høgt heile tida heller, det er jo ingenting vakrare enn dei skikkelege powerballadane frå 80-talet. I tillegg er det ein veldig forteljande sjanger, og spesielt i power metal kan ein gjere det verkeleg storslått, med symfoniar og rengde gitarar, fortel Danielsen.