Vi har tatt kontakt med tre lokale ekspertar, Bjørn Magne Øverås frå Eresfjord, Øyvind Hovdenak frå Skålahalvøya og Bjørn Egil Sporsem frå Gossen. Dette er folk som veit kva dei snakkar om.
Skitur
Bjørn Magne Øverås har vore på mange skiturar denne vinteren, trass mykje mildvêr og regn.
– Ja, visst har det vore vekslande føre denne vinteren, men då er det viktig å slå til når forholda er gode. Jamtetinden (1101) frå skianlegget ved Reitasetra er ein fin topptur på ski tidleg på vinteren. Her er det jamt og fint underlag slik at det kan vere gode skiforhold sjølv om det er lite snø. Dessutan går turen i eit sørvendt terreng. Eg vil helst ha sol når eg er på skitur, og det får eg her – sjølv midt på svartaste vinteren, seier den erfarne fjellmannen frå Eresfjord, Bjørn Magne Øverås.
– Har du forslag til andre skiturar tidleg på vinteren?
– Enkjå på Hesthaugelgda med start frå Vistdalsheia 400 meter over havet er min favoritt når den første snøen legg seg i fjellet. Også her er det godt med sol. I år kom snøen seint, og den første skituren min dit gjekk ikkje før 27. november. Rekorden for min del er 2. oktober. Kanndalen og Vardefjellet og Trolltinden frå Jordalsgrenda er også populære tidleg-på-sesongen-skiturar, men her får du ikkje sjå sola før du er høgt til fjells, seier Bjørn Magne Øverås.
Skøytetur
Tidleg i november i år slo det til med kaldt og klårt vintervêr. Det varte vel ei veke, men det var nok til at isen la seg på vatn og vassdrag. 9. november i år hadde Øyvind Hovdenak sin første skøytetur på elveisen på Røa.
– For meg er denne stilleflytande elva her på Skålahalvøya den finaste skøyteturen eg veit om. Nokre dagar no i november var det uvanleg fin og blank stålis på elva, og eg gjekk fleire turar langt oppover elva. I luftlinje er det 6 kilometer, men på grunn av dei mange svingane elva gjer gjennom det flate skoglandskapet, blir turen på minst det dobbelte. Opp og ned blir det då ein skøytetur på mange timar. Under vegs er opplevingane mange, ikkje minst er det artig å sjå på fiskane under isen, seier den aktive og allsidige friluftsmannen Øyvind Hovdenak.
– Skøyteisen på Røa har vore ein leikeplass og ein tur for meg gjennom heile livet. Som gutunge gjekk eg på lengdeløpskøyter med reimar, som 30-åring kjøpte eg meg skoskøyter og no går eg på turskøyter med BC-bindingar og gode, varme skisko. Eg blir aldri lei av denne turen, seier han.
– No har isen på Røa smelta. Trur du det kan bli skøyteforhold igjen snart?
– Ja, no er vatnet iskaldt og det skal ikkje meir til enn 3 – 4 dagar med kulde, så er det skøyteis på Røa igjen. Men kanskje blir det kaldvêr og snø. Då blir det skitur, og for meg er begge deler like bra. Først nokre dagar med skøyteis, og så godt skiføre til utpå våren. Det ville vere bra, seier Øyvind Hovdenak.
Fottur
På kysten og ute på øyane i Romsdal kan det i korte perioder i løpet av vinteren vere godt skiføre, men først og fremst er dette eit landskap for fine fotturar på barmark året rundt. Ein av dei aktive brukarane av turlandskapet på Gossen er Bjørn Egil Sporsem. Han er også ein god fotograf, og gleder mange med sine gode bilder og velformuleret tekster på dialekt på Facebook.
– Her ute er det mykje å velje mellom. Gossen har mange fine turvegar, stiar og ikkje minst ei interessant kystlinje. Å gå ein tur i fjøra kan vere ei fin oppleving. Ein tur til topps på vårt høgaste fjell, Jærmannsburet, kan eg anbefale på det varmaste. Frå toppen er utsynet vidt, sjølv om høgda over havet er beskjedne 99 meter, seier Bjørn Egil Sporsem.
Han har mange andre gode turforslag:
– Frå Hogsneset kan ein følgje stiar og vegar til Eikremsbukta, og vidare langs gjerdet ved Ormen Lange-anlegget til Ørnehaugen. Eit fint utsiktspunkt med informasjonstavler. Legg gjerne turen ned til sjøen ved Futvika, der det ligg ein gammal husmannsplass.
Eller ein tur lengst nord på øya:
– Gå ut til flyplassen, forbi kanonstillingane på Kleivhaugen og vidare langs stranda heilt ut til Rindarøya. Her kan du stoppe ved Roktamonumentet, og sjå på utsynet mot havet. Under vegs, i Rørvika, kan du sjå restane av eit stort kaianlegg frå krigen. Frå Rindarøya inn til Oterhalsen, og tilbake til flyplassen langs ein gammal sti. Ein fin tur der det er mykje å sjå og oppleve under vegs, seier Bjørn Egil Sporsem.