Eigaren, Ola Misund, står smilande og ventar når eg kjem på besøk. Eg har vore innom eit par gonger før, men vil gjerne sjå innhaldet og høyre historia og historiene ein gong til.

– Kom inn så skal du få ei omvising. Dagrunn har gjort i stand kaffi og kanelbollar, seier han, og viser veg inn til eit hus som vel må kunne seiast å vere ein kombinasjon av sommarbustad for Ola og Dagrunn Misund og eit privat kystkulturmuseum.

Frå Ona til Midsund

Han har ei god forklaring på namnet.

– Bygningen vart flytta frå Frisberget på Ona hit til Midsund i 1903. På Ona vart huset sett opp midt på 1800-talet, men det skal vere eldre enn det. Væreigaren kjøpte det visst nok nordpå ein stad, og sette det opp som eit slags «hotell» for innkvartering av fiskarar, fortel Ola Misund.

Det var Nils «Bønå» Misund som kjøpte «Hotellet» i 1903 og flytta det til Midsund.

– Han leigde det ut til bestefar min, Anton I. Misund. Han dreiv fiskemottak, bakeri og butikk fram til 1915. Då kom Kristoffer Krabbevik som ny eigar. Seinare tok sonen hans, Ivar Krabbevik over, og eg kjøpte «Hotellet» av han i 2000.

Kvart einaste rom i den gamle, men velhaldne sjøbua fortel om kystkultur og historie.

– Ivar Krabbevik var ikkje typen som kasta ting. Han var ein samlar som tok vare på det meste. Då eg tok over, såg eg med ein gong verdien i dette. Derfor står «Hotellet» fram som eit slags museum, men samtidig er det sommarbustad for meg og kona og ein stad der familie og vener samlast til krabbelag og andre samankomster.

Eg skjønar kva han meiner når han viser fram rommet med stort langbord rett innanfor dei store skyvedørene i første etasje. Her er det plass til mange, og lokalet er utstyrt med kjøkken og alt som skal til for å dekke festbord og skape triveleg kystatmosfære.

Vi går frå rom til rom, frå etasje til etasje. Over alt er det møblar, lamper, reiskap, bilde på veggane og tallause andre detaljar som fortel historia om livet på romsdalskysten på 18- og 1900-talet.

Landhandel

Eit av romma gjer særleg sterkt inntrykk. Her kjem vi rett inn på «bua», altså butikken eller med andre ord den gamle landhandelen der du kunne kjøpe «alt», og der varene stod tett i tett i hyllene bak disken.

– Kva skal det vere i dag? seier Ola og går inn i rolla som bestefar Anton. Han  har tatt på seg «svartskjermhua» og lener seg mot den velbrukte disken der det svartglinsande kassaapparatet og skålvekta er på plass.

Eg lar blikket gli langs hyllene, og ser at utvalet er stort og variert, i alle fall sett frå ein tidleg 1900-tals synsvinkel: Sætre kjeks frå solide blikkboksar, karva blad rulletobakk, South State heilt utan filter, sirup som kan tappast på medbrakte spann frå eit stort fat, karbidlykter, primus, navar, fylte drops, kaffi frå H.J. Giørtz kaffibrenneri i Ålesund, skismurning, mjøl frå store sekkar, linekrokar og på store appelsinkasser reklamerer ein polarkledd Roald Amundsen for søte sydfrukter.

– Vi har latt butikken stå utan å endre på noko. Det var slik det såg ut på ein ekte landhandel for eit par generasjonar sidan, seier Ola Midsund.

Privat kystmuseum

Vi vandrar vidare og ser på den staselege skuvsenga, det sirleg hekla sengeteppet, gamle bøker, blad og hefte. Oppe i øvste etasje er sjøbustemninga der med store mengder garn og nøter hengande under taket og lufta angar av Olas heimelaga klippfisk.

Ved kaia ligg kleggen «Viking», ein staseleg liten fiskebåt av gamlesorten, som gjer sitt for å skape atmosfære rundt den velhaldne sjøbua.

«Hotellet» er ikkje eit museum i vanleg forstand, men Ola og Dagrunn har ingen ting i mot å få besøk.

– Folk som er interessert i gammal kystkultur, må gjerne ta kontakt om dei er ein tur i Midsund. Om det passar, kan dei gjerne få komme inn og sjå, seier Ola Misund.