Dette skal handle om ein liten skapning som både øyfolk og fastlandsbuande over heile verda har eit forhold til:  Mus. Husmusa, mus musculus,  har vi hatt ein meir eller mindre fredeleg sameksistens med så lenge ho heldt seg utandørs. Men kom ho i hus, kom krigserklæringa på rappen, og feller i alskens variantar vart sett ut.

Sjølv vart eg sett på prøve for ei vekes tid sidan då eg i mitt hummerfiskeeksil sat i stova mi ute på Ona. Eg hadde lenge ant at eg ikkje var åleine, og plutseleg sto ho der, ja for eg tek for gitt at det er ei ho, rett framfor meg på stovegolvet. Ho set snuten i været, dei ørsmå vérhåra vibrerar, det glimtar i dei svarte små, kulerunde augo. Ho ensar meg ikkje så lenge eg sit stille, og demonstrerar snart museklatring på teglsteinvegg og andre krumspring. Så forsvinn ho ut på kjøkkenet, der eg, i mistanke om nærveret, hadde sett opp felle, lada med sveitsisk sjokolade. Eg ser at ho nærmar seg fella, då eg sprett opp, styrtar til og avspenner fella. Sjokoladeåtet let eg ligge, og går attende til stova. Snart høyrer eg ho kosar seg på kjøkenet, knaskar sjokolade, og sikkert nokre ledningar og lister også.

«Fy søren for ein bleiking du er blitt, Svein», seier eg til meg sjølv. «Du som rørte i blodet under saueslakting i Pegarden allereie som gutunge, du som har gått på småviltjakt, du som med den største likesæle kappar strupa på storstorsken så blodspruten står. Eller slepp ein levande hummar opp i ei kokande gryte vatn. Og så har du ikkje hjarte til å ta livet av ein mus? «

Som det ofte blir i våre dagar, når eksistensielle spørsmålet skal drøftast, konsulterer eg mine vener på Facebook. Gjer greie for bakgrunnen og spør: Skal eg spenne opp fella igjen, eller satse på fredeleg sameksistens?

Skal seie gode råd hagla inn. Alt frå fredlig sameksistens med  musekos, at musa blir innlemma i familien, til brutal, usentimental knerting.

Sjølv antydar eg at eg kan gjere likeeins som på familiehytta i Østfold, der husmusa ofte er på besøk. Der rigga eg til ei felle som tok henne levande, og frakta henne deretter milevis unna og setter henne ut, langt inni granskauen. Kanskje ho kan få flyktningestatus og deporterast til naboøya Sandøya?

Det var det mange som syntes var eit bra forslag. Bortsett frå sandøyingane. Dei meinte Håværet eller Trellholmen var eit betre alternativ.

Konklusjonen i første omgang vart at eg let henne få ein sjanse. Inga knerting. Det ga meg mykje skulderklapp og ros, spesielt frå mine kvinnelege facebookvener. «Så bra at også menn kan vise sine mjuke sider, snakke om følelsar, ta vare på dei små, hjelpelause  i samfunnet… Dette vitnar om et stort og raust hjarte.»

Jau då. Eg sola meg i skinet av kvinnelege godord ei stund. Heilt til Ona-jentene kom på bana. Marianne rapporterte at ho hadde knerta 22 berre på eit par veker, medan Hilde hadde teke 24. Altså meir mus enn menn på heile øya.

Så kom biolog Ane Mari  på bana og minte om at mus er kjempesøte, men skadedyr når dei ikkje er i bur. «Ha i minnet når barnebarna er på besøk at mus er smittespreiarar, dei gnagar på alt, inkludert elektriske leidningar. Og at dei formerar seg med opp til 70-80 ungar i året.  Om du ikkje har lyst på hundrevis av mus innan årsskiftet kan det vere lurt å gjere noko.», åtvarar Ane Mari.

Hjelp!

Biologen  sine ord gav meg drahjelp tilbake til ein realistisk kvardag. «It`s a dirty job, but someone`s gotta do it», minte ho meg på.

På den andre sida sto humanistene, som meinte eg burde gje ho eigen matkopp, seng og eit namn. Eit søtt lite kjæledyr.

Karstein frå Aukra laga ein eigen muserick til saka:

Ein bladfyk med mus , utpå Ona

søkte fjesbokråd på vona

Han fekk til svar:

”Du er då ein kar!

Trøyst deg med musa til kona.”

Kvelden etter var det tomt og stille i stova. Einsamt. Det var eit begynnande venskap, men nå var ho borte. Og på slik ein grusam måte. Etter mange råd og innspel, advarslar om alt kva slike små skapningar kan dra med seg av elende, manna eg meg opp, braut av ei passe flis sveitsersjokolade, spente fella og sette den på plass ved kjøleskapet. Litt bevisst klønete, så ho måtte slite litt om ho skulle gå på. I hjartet mitt ville eg jo ikkje dette.

Men så, når jeg kjem inn fra sjøen om kvelden, ser eg det. Fella er velta over på sida. Og musa ligg der. Og spralar!!!! Fella har gått av over bakkroppen. Ho er ikkje drepen!

I ein fei tek eg mus og felle med meg ut. Åpnar fella så ho kan kome seg laus. Det gjer ho. Kjapt. Men ho brukar berre frambeina. Bakkroppen dreg ho etter seg, før ho forsvinn ned i et hol.

«Dersom nokon møter på ei mus i rullestol, så hels henne frå meg og sei at det var ikkje meninga at det skulle ende slik. Eg skal aldri gjere det meir. Hulk, hulk!» Slik avslutta eg min rapport om hendinga på Facebook.

Reaksjonane let seg ikkje vente lenge på. Kritikken var beinhard mot meg, liksomhumanisten, som forlet ei sterkt skada, hjelpelaus mus på denne måten. Men Runi meinte mine teikn på anger var eit steg i rett retning. Rolf-Inge foreslår å konstruere ei felle etter same prinsipp som hummarteinene, som kan fange henne levande. Liv Anne lagar ei livaktig teikning av musa i rullestol som ho publiserer, medan Åslaug løfter peikefingeren og meiner dyr som lir ikkje bør skape underholdning. Kva om det hadde vore ein hund? Eit liv er eit liv!

Atle i Oslo understrekar at også fisk har følelsar, for liksom å gjere samvitet endå svartare med tanke på all torsk, kveite og hummar eg har drege i land.

Robert frå Ona ser for seg ein straum av traumatiserte husøymus som strøymer over både ny- og gammelbrua til Ona for å søke asyl. Skal vi sette opp piggtråd- og/eller straumgjerde?

Rolf  frå Molde siterer salmevers,  «Sorgen og Glæden de vandrer tilhobe», medan ein annan Rolf frå Molde minner om skriftas ord om at vi alle skal stå til rette for våre synder og ugjerningar. Professor Brit minner om at fenomenet menn og mus i følgje John Steinbeck ikkje er noko nytt fenomen, medan Bernhard frå Aukra set punktum for det heile slik: «So mykje museprat har eg ikkje høyrd sidan eg var i militæret».