I tillegg fekk dei prøve det splitter nye kunstgrasdekket på Harøy stadion. I 1,5 time var det full konsentrasjon for å få med seg alle impulsane og triksa eliteseriespelarane kunne by på.

I samlinga etter treninga kunne assistenttrenar Erling Moe proklamere: «Dette var tidenes beste fotballskule», til stor jubel frå dei 97 deltakande borna.

Sjarmoffensiv

Sist Ole Gunnar Solskjær tok med seg sine utvalde og trenarstab til Harøya var i 2011 i samband med 100 års jubileet til Harøy IL. Den gongen som no er målet å styrke banda mellom MFK og laga i sitt nære distrikt.

I møtet med sine sponsorar i Sandøy presiserte også marknadsjef Jonny Askestad og Ole Gunnar Solskjær at det er eit nært forhold mellom Harøy og MFK.

- Skyssbåten med Harøy-supportarar som stig i land med sine flagg og vimpler er ein flott del av miljøet til våre heimekampar, var dei begge enige om.

- «Prosjekt tilhørigheit» viser også at samarbeidet gir frukter. Berre dei 3 siste åra har Harøy Idrettslag henta ut vel kr. 400.000,- frå prosjektet, og som er med på å finansiere den nye og flotte Harøy stadion, kunne Solskjær konstatere.

Kjempeartig og lærerikt

Martine Harnes var ei av jentene som strålte på det nye stadionanlegget. Ho har trent mykje i I.P.Husehallen som også har kunstgrasdekke. Overgangen er ikkje stor, meiner ho. Kjempekult å få trene saman med Molde-spelarane, var konklusjonen.

Håkon Heieraas som har leia renoveringa av Harøy stadion er også leiar i fotballgruppa.

- Det er veldig kjekt at MFK besøker oss på denne måten. Det har vore ein stor dag for oss. MFK-spelarane var veldig flink med borna og tilbakemeldingane frå både borna og foreldre er eintydig positiv. No er eg glad og fornøgd, seier Heireraas.

Heieraas legg til at det gror verkeleg godt i Harøyfotballen for tida.

- Harøy deltek på Sunnmøre med sine fotballag. Her viser det seg at Harøy har den største andelen av aktive fotballspelarar mellom born og unge i høve til folketalet. No når vi har fått eit skikkeleg ansiktsløft på stadion vil dette vere til stor inspirasjon framover også.

- Førstkomande laurdag er det nyopning av stadion med årets første heimekamp med kaffi og kaker, underhaldning og overaskingar på menyen. Då ser vi fram til eit minst like stort frammøte som i dag, seier Håkon Heieraas.

På grunn av at Harøy stadion har vore under ombygging har A-laget spela alle sine kamper på bortebane. Likevel leiar dei sin avdeling i 6. divisjon på Sunnmøre.

- No med heimekampar på programmet håper vi at laget kan styrke sin posisjon på tabellen.

Cup-tapet mot Brattvåg svir enno

- Kva med sesongen 2018?

- Statestikken viser at poengsamlinga i år er omtrent på snittet dei siste åra. Vi håper sjølvsagt på at vi skal stabilisere oss på eit høgare nivå. Deltaking i europacupen vil stimulere oss positivt i så måte, seier Solskjær.

- Men kvifor så store variasjoner i prestasjonane?

- I kampane mot Bodø/Glimt, Odd og Ranheim hadde vi litt stong ut. «Nedturar» med dommere og slikt kan vi ikkje gjere noko med. Slikt prøver vi å halde internt.

- Kvaliteten på prestasjonane ligg mykje mellom øyrene. Vi prøver å trene på dette med å takle motgang, men vi klarer ikkje å omstille oss raskt nok. Kvar for seg er der vilje, men å snu ein lagmessig motgang er utfordrande. I så måte sakner eg Daniel Berg Hestad sin rutine og tæl når utviklinga ikkje går heilt på skinner.

- Prestasjonen mot Brattvåg svir enno, men RBK sleit også mot nettopp Brattvåg. Både Brattvåg, AaFK og Brann har hatt gode prestasjoner, men der også er det nedturer i det siste. Det er litt norsk mentalitet over det heile, meiner Ole Gunnar Solskjær.