Dette kjem fram i oversikt frå det nasjonale informasjonssystemet KOSTRA (Kommune-stat rapportering).

Bustad- og vegbygging er hovudårsakene til det omfattande tapet av viktig matproduserande landbruksareal, viser oversikta.

Molde kommune toppar verstinglista med 347 dekar dyrka mark som blir bygd ned. Ein stor del av dette gjeld bygging av ny E39 Lønset–Hjelset til det nye sjukehuset på Opdøl.

Alternativ?

Ein av dei som blir ramma, er Øystein Solli. Han driv gard med ammekyr og sau på Hjelset. Garden er på 87 dekar fulldyrka mark og 15 dekar beite. Han må avstå 12 dekar dyrkamark til nyvegen.

– Vegen til sjukehuset må komme, men det er fleire måtar å få til dette på. Eg har foreslått ein 1,5 kilometer lang tunnel i lia bak dyrkamarka, men dette vart avvist, blant anna fordi det ville fordyre nyvegen med 800 millionar kroner. Men treng vi tunnel med to løp? Eg meiner at vegstandard slik vi ser den på nyvegen på Gjemnesstranda ville gjere nytta, seier Øystein Solli til Romsdals Budstikke.

Han synest der er trist at Molde kjem på verstingtoppen på nedbygging av matjord, og spør om ein tar meir matjord enn strengt talt nødvendig.

– Tenk langsiktig

– Det kan sjå ut som vi har nok matjord å ta av, men vern om matjorda må vi sjå i eit lengre perspektiv. Med oljealderen er det lite lønnsamt å drive små bruk, men matjorda er verdifull med tanke på framtida, seier Øystein Solli, som også er styremedlem i foreininga Jordvern Møre og Romsdal.

Til saman 200 dekar dyrkamark går med når nyvegen Lønset-Hjelset skal byggast. På Hjelset er det tre gardar i full drift som blir råka, i tillegg kjem fleire mindre eigedommar langs traseen.

– Nyvegen skal byggast som motorveg, dette blir den einaste motorstrekninga mellom Molde og Trondheim. Vi treng ikkje motorveg her, seier Øystein Solli.

13 av 100 i Møre og Romsdal

Sjølv om ein ser bort frå E39, ligg framleis både Molde og Møre og Romsdal høgt på lista over nedbygging av matjord samla sett. På lista over dei 100 kommunane som bygger ned mest matjord i Norge, finn vi 13 kommunar i Møre og Romsdal.

I tillegg kjem nedbygging av jord som kan dyrkast. Dette utgjer 602 dekar, slik at den samla omdisponeringa av matjord i Møre og Romsdal i fjor var på 1336 dekar. Det svarar til arealet til 188 fotballbaner. Grasavlingar frå eit slikt areal kunne gitt fôr til kyr som gir ein årleg produksjon på 830.000 liter mjølk, opplyser Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Bevisstgjering

– Kommunar, statlege og regionale myndigheiter og næringsaktørar må verte meir bevisste på at dyrka mark skal brukast til matproduksjon til befolkninga, og strekke seg til det ytste for å finne eigna areal som ikkje går på kostnad av viktig landbruksareal, konkluderer Fylkesmannen.

Dyrkajorda må Vike: Nyvegen til Tresfjordbrua går rett gjennom gammal dyrkamark på Vike. Her tar ordførar Geir Inge Lien første grabben med matjord. Foto: Olav Skjegstad