RAUMA: – Eg vil endre tittelen frå rådmann til den kjønnsnøytrale tittelen som står i kommunelova, administrasjonssjef. Eg synest det er litt sidrumpa og bakvendt av ordføraren å ikkje la saka kome til votering, det hadde vore ei god symbolsak for Rauma, seier Per Vidar Kjølmoen, kommunestyrerepresentant i Rauma for Arbeidarpartiet.

I Romsdal er det berre Vestnes kommune som bruker tittelen administrasjonssjef, men det meiner ikkje Kjølmoen er noko grunn til å la vere.

– Av og til må nokon gå føre for å få endringar i samfunnet. Likestilling er ei typisk sak der nokon alltid har gått føre, og i etterkant har alle vore samde om at det var bra. Rauma hadde no moglegheita til å vere framoverlent, men valde å ikkje gjere det. Eg trur vi vil sjå oss tilbake i framtida, og synest det var underleg, seier Kjølmoen, og poengterer at no når Rauma får sin første kvinnelege rådmann, Toril Hovdenak, hadde det vore ei god anledning til å gjere tittelen kjønnsnøytral.

Nedstemt

Kjølmoen kom med ein interpellasjon om å endre tittelen, men 9 av 27 representantar stemte mot å behandle saka. Det var akkurat den tredelen naudsynleg for å forhindre behandling, og votering, av saka.

– Eg veit ikkje om saka hadde kome gjennom om vi stemte, men eg har god tru på at ho hadde det. Det er beklageleg at saka ikkje kom til votering, seier Kjølmoen

– Kjem du til å ta opp att saka?

– Eg er litt usikker. Det er noko med å ta omkampar i kommunestyret som er litt uheldig, men det her blir litt spesielt. Vi har ikkje stemt på saka, så ingen har eigentleg sagt ja eller nei. Det er ein vanskeleg situasjon, svarar Arbeidarpartirepresentanten.

Ordføraren usamd

Blant dei ni som stemte imot å behandle saka var ordførar Lars Olav Hustad, frå Høgre.

– Vi lyste ut ei stilling som rådmann og har tilsett ein rådmann. Toril Hovdenak, som vi tilsette, vil sjølv gjerne ha den tittelen, seier Hustad.

Kommunelova har sidan 1992 brukt «administrasjonssjef» for å beskrive den øvste administrative leiar i kommunen, men det seier Hustad er ein dårleg tittel.

– «Administrasjonssjef» er eit inkjeseiande og tungt ord, mens alle veit kva ein rådmann er. Her i området er det berre Vestnes som bruker administrasjonssjef, og også staten opererer med fylkesmann. Dette har ikkje noko med kjønn å gjere, seier ordføraren, og legg til at det òg kjem ei ny kommunelov, med ein ny tittel.

– Tittelen i kommunelova kan snart bli endra til «kommunedirektør», det synest eg er ein betre tittel, seier Hustad.

– Endrar du tittelen frå rådmann til kommunedirektør, om det blir slik i den nye lova?

– Ja.

Råder til rådmann

Toril Hovdenak kjem snart inn som øvste administrative leiar i Rauma kommune, og har ei klar meining om kva tittel ho vil ha.

– Kommunestyret bestemmer og eg innrettar meg etter dei, men rådmann er ein utruleg flott tittel. Det fortel mykje om kva jobben går ut på, og den er godt kjent blant folk. Alle veit kva ein rådmann er, og kva ein da gjer på, seier Hovdenak.

Ho har ikkje like varme kjensler andsynes «administrasjonssjef».

– Eg synest det er ein veldig internt retta og ein ganske passiv tittel. Også høyrer eg rykte om at det kan bli endring i kommunelova, så det synest eg er ein god grunn til å vente på endringar.