– Eg blir heilt gal. Absolutt alle sit med ein i handa, bruker det i håret til naboen, eller prøver å trikse. Dei blir så opptatt av leika, at dei ikkje følg med i timen, seier lærar ved Sellanrå skule, Linda Kristin Hansen.

Sjølv om situasjonen nesten gjer ho spinnvill, tar ho det heile i god ånd.

– Det er jo ein god idé i utgangspunktet. Dei seier det skal vere avstressande, og det er ei lita leike ein kan halde på med i handa utan å forstyrre andre, men det er jo ikkje slik dei blir brukt. Eg skulle ønske vi hadde klarare rammar til korleis dei skal brukast på skulen, seier Hansen, med eit smil, trass frustrasjonen.

Tomt i butikkane

Både Kozmos og Ringo var på måndag morgon utselde for «spinnerane».

– Eg har aldri vore borti noko så gale, forstå meg rett. Eg har jobba i leikebutikk i Molde i 34 år, men ingenting har vore så populært. Ikkje eingong jojoen, seier Arnstein Sverre Nerland, dagleg leiar ved Kozmos.

Fredag klokka 13 fekk dei ei leveranse på eit par hundre «spinners», fire timar seinare var dei tom.

– Vi har no bestilt nokre tusentals, som kjem denne veka, men produsentane har problem med å lage nok av dei. Alle skal jo ha ein, fortel Nerland.

Hos Ringo er det same historia.

– Vi fekk dei i butikken 16. mai, 125 stykk, og i løpet av dagen var dei utselde, fortel Linn-Anita Harvold, medarbeidar på Ringo. Der har dei også bestilt fleire, for å møte etterspurnaden.

Spreier seg over nettet

«Spinners» har vore på marknaden i nokre månadar, men dei har ikkje slått inn for fullt før dei siste par vekene.

– Dei blei populære litt over natta. Alle dei unge er mykje meir på nettet no, og trendar spreier seg mykje fortare, fortel Nerland.

Prisen på ein «spinner» er frå 70 til 800 kroner, men dei fleste kjøper ein til 100 kroner.

– Alle barn kjem og vil ha. Tyngda ligg i 9–11-årsalderen, men vi har hatt fleire litt eldre innom òg, sjølv om dei vanlegvis ikkje går på leikebutikk, seier den erfarne leiketøyseljaren.

Fullt i klasseromma

Når det er tomt i butikkane, er klasseromma fulle.

– På Sellanrå blir elevar bedt om å legge bort leikane når det er undervisning. I friminutta har vi ikkje noko forbod, men slik det er i dag må vi vurdere eventuelle tiltak, seier rektor Kjell Petter Stene.

På Kviltorp skule bestemte dei seg for to veker sidan, å ikkje tillate leiketøya på skulen.

– Vi har reglar om at det ikkje skal vere nokon «spinnerar» i skuletid, men dei som går i 2.–4. klasse får ha dei med seg på SFO. Det er utfordrande å tillate leiker i friminutt, men ikkje i klasseromma. Born har det gøy og gløymer grensene, seier rektor ved Kviltorp skule, Cecilie Sandanger.

Ikkje noko spesiell situasjon

Populære leiketøy meiner ikkje rektoren er noko nytt, og situasjonen er i grunn uproblematisk.

– Vi har dei same reglane som alltid. Det er positive forventningar til kva som skal skje til kva tid, og i undervisninga på skulen er det viktig å ha rett fokus. Det er mykje som konkurrer om oppmerksemda til born, og mens det ikkje er noko straff for å drive med «spinners», er skole ein viktig jobb vi vil elevane skal vere med på, seier Sandanger.

«Spinners» påstås å vere avstressande, og skal spesielt hjelpe dei med ADHD, men effektane er ikkje bevist.

– Eg trur det verkar forskjellig på forskjellige personar. Akkurat no er ikkje dette noko vi vil ta i bruk, her på skulen.