Aukra: Med nærare 90 flyktningar på plass, samt ei stor gruppe arbeidsinnvandrarar og tilflytta frå andre land, såg Aukra kommune eit behov for eiga språkopplæring for vaksne.

– Vi har tidlegare kjøpt tenester frå vaksenopplæringa i Molde, og skal framleis kjøpe grunnskoleopplæring der. Men med eit stadig aukande tal innvandrarar med forskjellig slags bakgrunn, såg vi det mest formålstenleg å starte opp vår eiga teneste i kommunen. På den måten vil vi komme nærare det lokale næringslivet og kunne ha eit godt og nært samarbeid med både private og kommunale aktørar, samt bidra til at tilflyttarar kan få nærare tilhøyring og tilknytning til kommuna dei er busett i, forklarer leiar i Eining for Innvandring og integrering, Aud Lisbeth Lillebostad.

Viktig med læring

40 voksne elevar skal frå skolestart ha tilhald ved opplæringssenteret, i tillegg til fire lærarar.

– Eg håper alle vil trivast og lære mykje. Læring er noko ein fortsetter med heile livet og eg er stolt av å kunne åpne kommunen si eiga vaksenopplæring, sa ordførar bernhard Riksfjord, som klipte snor og dermed offisielt åpna det nye vaksenopplæringssenteret.

– Eg har stor tru på flyktningane som viktige ressursar i samfunnet og håper dei vil ta til seg mykje lærdom.

I tillegg til elevar og lærarane Gunnhild Sæbjørnsen og Kristine Aarø ved Aukra Vaksenopplæring(frå v.) var rådmann Ingrid Husøy Rimstad, ordførar Bernhard Riksfjord, einingsleiar i Innvandring og Integrering Aud Lisbeth Lillebostad og programrådgjevarane Jane Oterhals og Ann-Marie Hopson til stades under den offisielle åpninga mandag morgon. Foto: Privay
Nokre av dei til saman 40 elevane som skal ha tilhald på Aukra Vaksenopplæring var tilstades då senteret åpna mandag morgon. Dei vil etterkvart få eiga elevbedrift, kantine og utsalg, når dei nye lokala på Riksfjord står klar i oktober. Foto: Privat