Helse Møre og Romsdal fortel at dei no inngår avtale med Pricewaterhouse Coopers AS om kvalitetssikring (KSK) av konseptfase-arbeidet med nytt sjukehus. Det skriv helseføretaket i ei pressemelding.

PricewaterhouseCoopers (PwC) er verdas største internasjonale nettverk av revisjonsselskap, og vann altså konkurransen om oppdraget. Det betyr at dei skal følgje prosessar og framdrift i arbeidet med det nye Sjukehuset for Nordmøre og Romsdal til slutten av oktober, fortel helseføretaket.

​– Vi skal sikre befolkninga på Nordmøre og i Romsdal eit best mogleg spesialisthelsetenestetilbod. Da er kvalitetssikring av arbeidet med prosjektet særs viktig. PwC er eit solid og kompetent miljø som vil kunne gje oss nyttige innspel og rettleiing fram mot framlegginga av konseptrapporten i slutten av august. Det seier adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal i meldinga.

Stram tidsplan

Framdriftsplanen for prosjektet er krevjande. Av den grunn har Helse Møre og Romsdal bestemt at KSK-arbeidet skal utførast som ein såkalla følgjeevaluering. Det betyr at både prosess, innhald og resultatdokument skal evaluerast, fortel føretaket.

På den måten kan prosjektgruppa svare på og korrigere avvik, manglar, feil retning på arbeidet eller detaljeringsgrad fortløpande, skriv Helse Møre og Romsdal i meldinga.

Signeringa av kontrakten skjer onsdag morgon på styrerommet ved Åse sjukehus, før styremøtet i Helse Møre og Romsdal tek til.

Korfor KSK?

Det var i samband med statsbudsjettet for 2010 - 2011 at det blei innført ei prøveordning med ekstern kvalitetssikring, KSK, for investeringar i dei regionale helseføretaka. Ordninga omfatta konseptfasen, og blei gjort varig frå og med 2015.

Etter gode erfaringar med KSK i fleire prosjekt, er ordninga no utvida til også å omfatte utviklingsplanar, foreløpig som ei frivillig ordning.

Av faglege grunnar er det etablert eit skilje med eigne KS-ordningar for konseptrapport (KSK) og utviklingsplan (KSU).

​– Vi skal sikre befolkninga på Nordmøre og i Romsdal eit best mogleg spesialisthelsetenestetilbod. Da er kvalitetssikring av arbeidet særs viktig, seier Espen Remme, adm. dir. i Helse Møre og Romsdal. Foto: Erik Birkeland