24-åringen som slo ned Tobias Hattrem Moa blei i retten på onsdag møtt med påstand om 75 dagars fengsel frå aktor, og oppreisningsstraff på 100 000 kroner til kvar av foreldra frå bistandsadvokaten.

1. november 2015 slo 24-åringen frå Rauma ned Tobias Hattrem Moa i Åndalsnes sentrum. Sentralt i saka var det om slaget førte til at Hattrem Moa ein time seinare blei erklært død. 24-åringen blei arrestert få timar etter slaget, da for kroppskrenking med døden til følge. Obduksjonen fann likevel ikkje noko samanheng mellom hjerneblødinga Hattrem Moa døydde av, og slaget han fekk frå 24-åringen. Derfor blei han lauslaten og heller sikta for brot på Straffeloven § 271, kroppskrenking utan skadefølge.

Uprovosert

Aktor Knut Meek Corneliussen kom under si prosedyre fram til påstand om 75 dagar i fengsel. Han la til grunn at straffesaker som denne vanlegvis ikkje blir straffa med under 90 dagar fengsel, men sidan den tiltalte hadde tilstått med ein gong, fekk han 15 dagar kortare fengselspåstand. Det var likevel det einaste formildande omstende han kom fram til, for han meinte slaget var heilt uprovosert frå den avdøde si side. Han meinte i tillegg at sidan slaget kom i rusa tilstand, i eit ungdomsmiljø, ute på byen, så måtte det bli straffa hardare enn elles.

Åtferda gjer oppreisning

Bistandsadvokat Mads Lind Jenset meinte 24-åringen måtte påleggast å betale foreldra erstatning på 100 000 kroner til kvar. Han meinte det ikkje var tvil om at Hattrem Moa ikkje hadde døydd den dagen om han ikkje blei slått ned. Den sakkunnige overlegen i patologi, obdusent Øystein Størkersen, sa i sitt vitnesbyrd at det ikkje var samanheng. Professor Lars Uhlin Hansen vitna om at det var rimeleg å anta at slaget hadde samanheng med blødinga, sidan tidspunkta var så nærliggande. Jenset viste til ein dom i Høgsterett for å grunngi summen på 100 000 kroner til kvar forelder.

Fri frå krav og mildaste straff

Forsvarar Øyvind Panzer Iversen fekk siste ordet av juristane, og sa seg ikkje samd i sine kollegaer.

– 24-åringen slo ned Hattrem Moa, men det er ingen samanheng med dødsfallet, og eg vil vise til fleire formildande omstende. Det er klart sannsynleg at tiltalte blei provosert. Han har vore konsistent med å fortelje at han blei kalla «pedofil» gjentatte gonger av avdøde. Det har også gått lang tid sidan lovbrotet, utan at tiltalte kan klandrast for det. Saman med tilståinga, hærverket han har blitt utsett for i ettertid, og siktinga for eit langt meir alvorleg lovbrot tidlegare ber eg om at han får mildaste straff.

Iversen viste òg til at obduksjonen ikkje viste nokon samanheng mellom slaget og dødsfallet, og meinte derfor det ikkje skulle vere noko krav om oppreisning.