– Leiteaksjonen vart avslutta like etter klokka 01.00, seier operasjonsleiar Ragnvald Rasmussen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Kvinna vart meldt sakna søndag ettermiddag, og det vart då sett i gang ein omfattande leiteaksjon. Politiet, store mannskap frå Røde Kors, redningshundar, helikopter og båtar var med på leitinga.

Ved midnatt sa politiet at søket kom til å halde fram utover natta.

– Kvinna vart funnen på land på Dimnøya i området der vi konsentrerte det meste av søket, seier Rasmussen.

Dei pårørande er varsla.