Ole Sigmund Havnes er fiskar i sesongane og snikkar innimellom.

– Eg kan vel mest samanliknast med gamle dagars fiskarbonde. Berre at eg driv ikkje gard, men kombinerer fiskeriet med eit anna yrke, smiler den skjeggete arbeidskaren.

Smiler gjer han forresten ofte.

Venetid

No går Ole og ventar på å løyse trossene på Tornes, der «Olemann» har hatt trygg hamn i stormane som rasa i vinter. Sjarken skin nymåla og nylakka. Om bord ligg garna klare i bingen på akterdekket. Det er berre å starte når tida er inne.

– Det blir seifiske først, til torsken sig inn. Han brukar vere der i februar, fortel Ole.

Torskefisket varer til midten av april. Deretter er det snikkararbeid og båtpuss. Frå sommarferien og utover fiskar han sei i djuprenna innover Julsundet. Han held på utover hausten med det.

– Du fiskar ikkje krabbe om hausten, som så mange andre?

– Nei, det er for slitsamt når du har ein rygg som kranglar.

Feber

Far til Ole Sigmund var også fiskar, så det ligg nok i blodet.

– Det er som ein feber når sesongen nærmar seg, nesten som ein sjukdom. Akkurat slik jakta er, fortel sjarkfiskaren.

Brukart i fjor

Sesongen i fjor var brukbar, mest fordi det var greitt arbeidsvêr heile vinteren.

Det vart også ein brukbar haust. Totalkvoten på sei vart fiska opp, etterpå var det stopp. Men blir det slik i år?

– Korleis er utsiktene?

– Vanskeleg å seie. Det viktigaste er at vi ikkje får for mykje styggevêr.

Prisane er rundt 20 prosent høgare enn i fjor. Bra for oss!

Låge utgifter

«Olemann» går aldri langt av stad. Dermed held han driftsutgiftene på eit minimum.

– Eg greier meg med 15 liter diesel i veka, så korleis eg skal få ein meir effektiv og «grøn» båt når eg må skifte om nokre år, er ikkje lett å forstå.

Trebåten vart bygd i 1970. Etterfølgjaren må bli noko heilt anna, trur Ole Sigmund Havnes. Kanskje ein elsjark?

Yrkeskollegaer på sjøen har ofte kontakt. Odd Roar Gravem er ute for å sjå etter båt og fangst i hamna på Tornes. Foto: Oddbjørn Harnes
Ole Sigmund Havnes driv garnfiske etter sei og torsk ulike sesongar gjennom året. Han har vegna klar i garnbingen. Foto: Oddbjørn Harnes
Ole Sigmund Havnes og «Olemann» ventar berre på at det skal bli meir stabilt godt vêr så fisket kan ta til. Foto: Oddbjørn Harnes