- Møre og Romsdal har sterke kompetansemiljø og attraktive byar. Det gjer at vi kan ta over ein større del av statsforvaltninga, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i ei pressemelding frå fylkeskommunen.
- Vi må tenke langsiktig, og vi må bli samde om våre fortrinn og kva for statlege verksemder vi skal rette oss inn mot, seier prosjektleiar Oddbjørn Vassli.
Kastar seg inn i kampen
Møre og Romsdal fylkeskommune kastar seg for fullt inn i konkurransen om å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Det gjer dei mellom anna med å utarbeide ein strategi for dette arbeidet.
Landstad meiner fylket har mange gode kort på handa:
- Ei kartlegging viser at her finst mange moglegheiter knytt til kompetanseområde der vi er nasjonale næringsmessige tyngdepunkt. Det gjeld også på feltet skredberedskap og kulturfeltet til dømes, seier ho.
– Eit anna argument er at Møre og Romsdal manglar 4000 statlege arbeidsplassar, for å vere på landssnittet. Det utgjer om lag like mange arbeidsplassar som fylket har mista dei siste åra som følgje av oljenedgangen, seier Landstad.
Ein delegasjon frå kvar flyplass
Tidlegare rådmann i Rauma, Oddbjørn Vassli, er leigd inn som prosjektleiar. Vassli har lang erfaring frå offentleg sektor og er klar til å brette opp ermene.
- Vi må tenke langsiktig, og vi må bli samde om våre fortrinn og kva for statlege verksemder vi skal rette oss inn mot, slik at alle kan dra i same retning. Vi må bli flinkare å koordinere oss internt i fylket. Vi må ikkje ha det slik at det flyg ein delegasjon både frå Vigra, Årø og Kvernberget, for å sloss om den same lokaliseringa, seier Vassli i pressemeldinga.
– Dialogen med regionråda, kommunane, Mørebenken og representantar for dei største statlege verksemdene i fylket er alt i gang.
1200 arbeidsplassar skal ut av Oslo
Spørsmålet er kor mange arbeidsplassar det er realistisk å få til fylket.
- Regjeringa har lagt fram ein plan for at inntil 1200 statlege arbeidsplassar kan flyttast ut av Oslo. Ambisjonsnivået til Møre og Romsdal må vi avklare i løpet av hausten, seier Vassli.
Regionreforma vil også bidra til å trekke fleire statlege etatar til fylket.
– I dag blir Møre og Romsdal styrt frå Bergen eller Trondheim i 18 regionale statlege verksemder som Husbanken og IMDi (Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet). Undersøkingar viser likevel at den største endringa i lokalisering av dei statlege arbeidsplassane skjer gjennom intern omorganisering i dei statlege verksemdene som NAV og Skatteetaten. Og ikkje minst helsefortaka, seier han. Og:
– Derfor blir det viktig å etablere god kontakt med desse etatane for saman å bidra til at den interne veksten eller re-lokaliseringa i større grad kan skje i vårt fylke.
Fylkesutvalet skal behandle første versjon av strategien 20. november.
Fakta
Møre og Romsdal har 126.000 arbeidsplassar. Av desse er 10.600 (8 prosent) i statlege verksemder.
For landet samla utgjer dei statlege arbeidsplassane 11 prosent av den totale sysselsettinga.
Ålesund har flest statlege arbeidsplassar med vel 4.100.
Den største statlege arbeidsgivaren i Møre og Romsdal er Helseforetaket med 6.600 tilsette. Deretter følger NAV med 600 og politiet med 500 tilsette.
Prosentdel statlege arbeidsplassar i fylket fordeler seg slik:
Volda kommune 23 prosent
Molde 17 prosent
Ålesund 15 prosent
Kristiansund 11 prosent
Kjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune