Molde: – Det er klart at når det går ti år med vann, snø og smelting, så tærer det på. Særleg i dei bratte partia kjem det fram mykje stein i vegen, og om det fortsett slik i eit par år til så vil vegen vere i same tilstand som gamlestien, fortel Konrad Moe, som har vore formann sidan 1990.

Kan ikkje vente

Den eldre turstien går rake vegen opp, og har ikkje hatt store forbetringar på eit par tiår. Den nyaste turvegen går i sløyfer rundt den gamle, og blei bygd i 2007, av Molde kommune.

– Det var flinke folk frå kommunen som laga den nye turvegen, dei visste kva dei gjorde. Det er framleis ein bra sti, men ein kan ikkje vente med vedlikehald, til den blir sånn som gamlestien, seier Moe.

Naturlege krefter

I fjor var det 26.000 signaturar i turboka på Skihytta, men Moe trur det er enda fleire som bruker vegen.

– Talet på signaturar har dei siste ti åra vore på rundt 25.000. Det er likevel ikkje alle som skriv seg inn i boka, og fleire går rett forbi og til Frænavarden og Tusenårsvarden. Kvart år antar eg det blir gått rundt 60.000 turar opp her, seier Moe.

Sjølv om det er ein populær veg, så er det dei naturlege kreftene som tar mest på.

– Kvar vår har vi mykje frostforvitring her. Bakken frys om natta, og tiner om dagen, og steinane kjem meir og meir fram. Vi som går mykje her ser at det skjer, fortel Moe.

Kommunen ordnar opp

Konrad Moe sende eit brev til kommunen 13. mai, for litt over to veker sidan, men har ikkje fått svar enda. Tore Birkeland, idrettskonsulent i Kulturtenesta, kan likevel gi eit gledeleg svar når Romsdals Budstikke ringer:

– Vi har planar om å utføre vedlikehaldet raskast mogleg. Vi må berre finne pengar til grus, men eg trur arbeidet skal vere ferdig innan tre veker.

Kommunen planlegg å køyre grus opp med traktor, ein enkel jobb med prislapp på 5.000–10.000 kroner.

– Det er andre turvegar som eigentleg er i meir prekær tilstand, men i og med at vi no har fått brev, så gjer vi denne jobben først, seier Birkeland.

Skrekkeksempelet: Konrad Moe meiner det er fint med variasjon, men han vil absolutt ikkje at begge vegane opp til Skihytta skal vere i same tilstand som gamlestien. Foto: Svein Olav Sæter Foto: Svein Olav Sæter