– Nokon synest kommunen blei veldig lang, vi skal vise at vi i alle fall kan sykle den på langs, seier Helge Orten, stortingsrepresentant for Høgre.

Distansen på 15 mil er kortare enn dei fleste Tour de France-etappar, men gjengen frå Høgre skal bruke to dagar på han.

– Vi tar rikeleg med stopp, og håpar på å møte folk og få innspel frå dei. Det blir litt valkamp samtidig det her, seier Orten.

Pølsefest på Kleive

Det lengste stoppet på turen blir i Kleive på torsdag, kor syklistane inviterer til grilling.

– Vi skal ha nokre aktivitetar, kanskje noko musikkinnslag, og mykje pølser. Det blir rett og slett ein hyggeleg sommarkveld, seier Rolf Røsberg, medlem av Molde Høgre og kleiving.

Mens nokre kosar seg med grilling og den slags, håper politikarane det også kjem folk som vil snakke politikk.

– Det skjer mykje positivt mange plassar, men òg i Kleive. Vi vil ha fokus på frivilligheit kvelden vi er der. Frivilligheit er noko som formar lokalsamfunnet, og vi vil gjere det enklare å stille opp som frivillig, seier Orten.

Røsberg fortel skrekkhistorier frå si tid med Kleive trial og byråkratiet dei måtte gjennom, før han konkluderer:

– Mykje blir kanskje bygd opp med gode intensjonar, men det ender opp med å gjere ting veldig komplisert. Om det er moglegheit for å bygge ned og forenkle, så vil vi gjere det.

Kort avstand til makta

Mens Britt Janne Tennøy gjerne skulle sett heiande massar med norske flagg langs vegen, er det stoppa som blir viktige.

– Eg håpar folk vil møte opp og diskutere med oss. Kulturministeren kjem til Molde på søndag, og da hadde det vore morosamt å ha ei lita oppsummering å komme med. Det er jo det som er så bra her i Noreg, det er ikkje så langt til makta, seier Tennøy.

Den nærkontakten er Orten spesielt glad for.

– Den dagen folk sluttar å seie ifrå har vi eit problem. Eg er glad for at folk kjem til meg og seier kva dei er opptatt av. Det kan vere smått eller stort, dei små sakene er ofte veldig store for dei det gjeld. Den direktekontakten er viktig, mens eg prøver å vere tilgjengeleg elles òg, håpar eg folk no tar sjansen, seier stortingsrepresentanten.