Skal dei 21 vidaregåande skulane i fylket ikkje lenger flagge på 17. mai og andre offisielle flaggdagar?

Det er eit forslag fylkespolitikarane skal ta stilling til over påske.

Å kutte all offisiell flagging på desse skulane står nemleg på lista over forslag til kutt i fylkeskommunen sitt driftsbudsjett.

I 2024 kan ein spare 300.000 kroner på dette tiltaket, og frå neste år kan ein spare 500.000 i året.

Ein mogleg negativ konsekvens som blir nemnt i saksutgreiinga er at omdømet til fylkeskommunen kan bli svekka.

- Likevel vil ikkje dette tiltaket vere ein alvorleg konsekvens for liv og helse, blir det argumentert med.