Aukra: Det var under førsteslåtten at farmora til Julie (11) og Karoline (9) Viken Høgseth hadde sett to rådyrkalvar bli drepen under slåing. Då jentene fekk høyre dette, tok dei umiddelbar affære og kontakta ordførar Bernhard Riksfjord med oppmoding om å gjere noko med det:

– Vi veit at det er mange rådyrkalvar som blir drepen av forhaustarar no når rådyrkalvane vert født. Kanskje kan det unngåast dersom nokon sjekkar marka først. Rådyrmammaen har leita etter ungane i heile dag. Kanskje du kan gjere noko med dette, spør jentene ordføraren i brevet.

Tok saka

– Eg fekk besøk på trappa heime av to jenter med eit brev, ja, fortel Bernhard Riksfjord.

– Eg er jo ein dyreelskar og har sett dette fleire gongar sjølv, så eg tenkte at dette måtte eg ta på alvor, legg han til.

Ordføraren kontakta fleire bondeorganisasjonar, og dermed vart jentene invitert til ordføraren sitt kontor for oppfølging av førespurnaden.

Utviklar teknologi

Svaret frå Møre og Romsdal Bondelag kom raskt:

– Bra at barna er opptatt av landbruket og dyra, seier Oddvar Mikkelsen i Møre og Romsdal Bondelag i ein e-post til Bernhard Riksfjord.

I e-posten viser Mikkelsen til tidlegare medieoppslag der ungdommar går på markene og klappar for å skremme opp rådyrkalvane, før bøndene kjem med slåmaskina. Han kan også fortelje at bondelaget bidreg til å utvikle kamerateknologi kombinert med dronar, for å finne rådyrkalvar før slåtten.

– Ubehageleg for bøndene

– Det er ubehageleg for bøndene når dei køyrer på kalvane, men vi kan ikkje bli sinte på dei når det skjer, for kalvane er godt kamuflert og nesten umogleg å oppdage når ein køyrer, skriv Mikkelsen.

Eigen klappedag?

Ordførar Riksfjord sette stor pris på svaret, men vil ikkje gje seg med det.

– Kanskje kunne vi få til ein lokal «klappe-dag» før bøndene skal slå, slik at frivillige kan hjelpe til å klappe rett før slåtten?, foreslår han til dei to brevskrivarane, som umiddelbart godkjenner forslaget:

– Det kunne vi tenkt oss å bli med på, seier jentene.

– Kanskje kunne vi ta ei treningsøkt med laget vårt ute på markene og gjere to ting på ein gang, seier dei.

Gøymer seg godt: Kvart år vert mange rådyrkalvar drepen under slåtten fordi bøndene ikkje ser dei.

Rådyrmora som mista kalvane sine.