82-åringen blei funnen i båten sin som sokk etter ein fisketur ved Veøya.

«Det vart starta å leite etter den sakna mannen tysdag 26. mars då han ikkje kom heim etter ein fisketur. Han vart funnen 100 meter under havoverflata inne i rorhuset på fritidsbåten sin. Den omkomne vart henta opp frå sjøen onsdag kveld og politiet fekk god bistand frå Kystvakta ved KV Njord til gjennomføringa av dette oppdraget. Dei pårørande er orienterte om at politiet gir ut namnet til media», skriv politiet i ei pressemelding tysdag.

Stor leiteaksjon

Det var i 16.30-tida tysdag 26. mars det blei igangsett ein større leiteaksjon etter at ein mann i 80-åra ikkje kom tilbake frå fisketur på Romsdalsfjorden. Pårørande blei urolege då mannen ikkje kom heim til normal tid, og varsla politiet.

Det vart leita både frå sjøen og lufta. Natt til 27. mars blei båten funnen på på 100 meters djup i Veøyfjorden ved Sekken, med den sakna om bord. I løpet av same dag blei han tatt opp ved hjelp av ei undervassrobot frå Kystvaktskipet «Njord».