– Vi startar i det små, så får vi sjå korleis det går. Spennande, seier gründer Inger Mette Stenseth.

Ho har under etablering M.I.N. («Made in Norway») i Eidsvåg, som skal lage mellom anna skinnkle, skinnvesker og andre tilhøyrande produkt.

Bakgrunn

– Bedrifta skal baserast på sosialt entreprenørskap. Det er to viktige linjer i dette; eg tenker miljømessig med resirkulering av materiale og ressursar, og på at flyktningar i lokalmiljøet skal kunne få ein arbeidsplass, forklarer Stenseth.

Ho har eit stort varelager med skinnkle i god kvalitet, som ho no planlegg bruken av på ulike måtar.

Kunst i fôret

Eitt av konsepta omhandlar bruk av skinnjakker frå lageret, som med ny design og ikkje minst nytt og spenstig fôr skal gi nytt liv til jakkene.

Med løyve frå Nasjonalmuseet vil ho tilby motiv som Skrik og Madonna, og Vinternatt. Men også naturfoto er aktuelt, ein av prototypane har dømes fôr med fjell, fjord og svaberg på Buggestranda – eller kundens heilt private foto.

Berre ein

Merkevaren «Berre ein» vert felles marknadsføringsplattform for ulike designarar, poengterer Stenseth.

Kvart produkt har si historie. Med pålogging til bedriftas portal med eit unikt nummer i jakka, vil brukarane få tilgang til historia om produktet.

– Vi vil lage unike produkt, seier Stenseth.

Ho har også henta inspirasjon frå Eikesdalen i Nesset, som bruker slagordet «Det finst berre ein».

Polen og Eidsvåg

Stenseth samarbeider også med kompetanse frå indisk skinnindustri, men får jakkene sydd i Polen i samarbeid med danske Better World Fashion.

Andre artiklar skal lagast lokalt i Eidsvåg. Prototypar på produkt som ulike typar vesker, nøkkelringar og andre suvenirartiklar er klar.

– Vi lagar ting av resirkulert tekstil som gamle gardiner, i kombinasjon med oppklipp frå varelageret og fiskeskinn, seier Stenseth.

Fiskeskinn

Ho refererer til fiskeskinn av mellom anna laks, torsk og flekksteinbit, som vert garva på Island.

– Island er fremst på garving av fiskeskinn; dette er ei veksande næring. Her vert avfall frå matproduksjon til verdifullt materiale i ei anna næring – også her snakkar vi resirkulering, poengterer Stenseth.

Integrering

Ho ønskjer å bruke verksemda også til å medverke til integrering, og arbeidsplassar for flyktningar.

– Vi ønsker å sysselsette personar som har kome til regionen og har ein utdannings- og praksisbakgrunn innanfor konfeksjon, seier Stenseth, og viser til at det i Nesset er flyktningar med kompetanse innan sying.

– Prøver oss fram

Syarar i Eidsvåg er allereie i gang. Styreleiar i «M.I.N.», Per Olav Eidsæter, opplyser at det er sett i gang prøveproduksjon i kjellarlokale på hotellet i Eidsvåg, i samarbeid med kommunens flyktningteneste.

– Vi må no i startfasen prøve oss litt fram, og sjå kva som fungerer, seier Eidsæter.

Fondsstøtte

Bedrifta har fått 60.000 kroner i støtte frå Nesset kommunes kraftfond til oppstart, noko både Eidsæter og Stenseth er glade for.

– Vi set stor pris på det. Det er krevjande å starte produksjonsbedrift, så dette kjem vel med, seier Eidsæter.

– Tildelinga er viktig, desse midlane betyr at vi har eigenkapital og betre soliditet, og kan gå vidare med å skaffe utstyr og utvikle dette vidare, seier Stenseth.

Ulike typar vesker er aktuelle produkt. Foto: BJØRN BRUNVOLL
Eksempel på fiskeskinn i ulike fargar, til bruk i produkta. Foto: BJØRN BRUNVOLL