Cruisetrafikken til Vestlandsregionen har auka kraftig dei siste åra. I følge ei prognose som er utarbeidd av Transportøkonomisk Institutt, kan talet på cruiseturistar doblast mot 2041. Heile 70 prosent av all cruisetrafikk i Norge skjer i dei fire Vestlandsfylka.
Handlingsplan
No har ei arbeidsgruppe som mellom anna har bestått reiselivsrådgivarane i dei fire fylkeskommunane utarbeidd forslag til ein handlinsplan for korleis ein skal møte denne veksten i dei kommande åra. I følge fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik har handlingsplanen som mål å gjere miljø og klima knytt til cruise mindre sårbart. Det er også ein uttalt ambisjon å auke verdiskapinga for den landbaserte reiselivsnæringa.
Påverke aktørar
Fylkeskommunane har avgrensa høve til å gjennomføre tiltak innan cruise, og mange av tiltaka ber preg av å påverke aktuelle aktørar til å ta grep, skriv Guttelvik i saksutgreinga som leggast fram for pollitikarane i fylkesutvalet i Møre og Romsdal den 9. april. Da skal dei ta stilling til planen.
Kontinuerlig arbeid
Planen gjeld for 2018-2020. Guttelvik peikar på at det kan verka som for kort tidshorisont for handlingsplanen. Årsaka er at fylkeskommunanen har ei vedtatt cruisestrategi som gjeld for 2016 – 2020.
– Dette inneber ikkje at tiltak som er skildra i handlingsplanen ikkje vil bli sett i verk etter 2020. Arbeid med tiltak inn mot cruisenæringa vil, på lik linje med anna reiselivsutvikling, vere eit kontinuerleg arbeid, meiner Guttelvik.