Etter trafikkulykka i Midsund onsdag morgon, informerer Molde sjukehus i ei pressemelding om situasjonen for ein av dei to som vart skadd i ulykka.

Sjukehuset opplyser at ein mann i 60-åra ligg til behandling ved intensivavdelinga.

- Skadane er alvorlege, men tilstanden er stabil for mannen i 60-åra, heiter det i informasjonen frå sjukehuset.

Den andre skadde, ein mann i 20-åra, vart sendt til Trondheim med luftambulanse onsdag formiddag.

Ved St. Olavs hospital i Trondheim er det klokka 19.30 onsdag kveld enno ikkje gjort kjent noko om tilstanden hans.

Politiet opplyser onsdag ettermiddag til Rbnett at ulykka vert etterforska, og har ut over det ingen tilleggsopplysningar i høve til det som har kome fram tidlegare på dagen.