Det sa Rikke Løvik og fleire andre representantar for Molde AUF, og hoppa i havet frå Hjertøybåtens brygge onsdag ettermiddag.
Vil markere
Vinterbadet skjedde i protest mot konsekvensutgreiinga for oljeverksemd utanfor Lofoten, som AUF lokalt altså er sterkt i mot.
– Her er de på kollisjonskurs med moderpartiet?
– Ja, det er vi, og det har vi alltid vore på dette punktet. Så no gjeld det å jobbe iherdig for å markere vårt syn, og overtyde fleire om at det er det rette før årsmøtet i april, seier Rikke Løvik.
– Alt for saka
Ideen om protestbad kom da lokallaget drøfta uvanlege ting dei kunne finne på for å markere – som alternativ til tradisjonelle banner.
Ingen av dei driv med vinterlege bad til vanleg, og spenninga var dermed til stades før dei ein etter ein hoppa uti.
– Det var ikkje så ille. Alt for den gode saka, det er det som betyr noko, sa AUF-arane etter protestbadet.