Endeleg kom kuldegradene, og dei kom i rett tid med barmark, lite vind og nedbør. Under slike forhold får vi blank stålis på vatn og vassdrag.

Litt snøfall natt til måndag og tirsdag kunne ha øydelagt skøyteisen, men det skjedde ikkje. Litt tørrsnø skjuler rett nok isflata, men hindrar ikkje god glid. Ulempa er at du ikkje ser kva du går på, og at du ikkje får den estetiske opplevinga av å ferdast over blank is.

Skøytetur til Nesset

Torsdag gjekk turen til Eresfjord i Nesset kommune. Der har det komme svært lite snø samanlikna med ytre strøk, og rapportar om isen på nokre lågtliggande fjellvatn var lovande. Eg fekk med meg «nypensjonistane» Lars Dahle og Steinar Melbø, og gjorde avtale om tur med eresfjording og «nestenpensjonist» Bjørn Magne Øverås som vegvisar.

Under vegs stoppa vi ved Skjørsetervatnet, ein skøytearena som passar fint for folk som vil ha kort anmarsj. Vi tok på skøytene ein meter frå bilen, og tok nokre rundar langs land. Iskvaliteten var bra, og det tynne snølaget var knapt nok merkbart.

I Eresfjord møtte vi vegvisar Bjørn Magne, og etter ein kopp kaffi og ein tur innom den imponerande fotoutstillinga på Coopen, la vi turen opp vegen i retning Vistdal, til Eresfjord og Vistdal skisenter ved Lomstjønna. Herfrå er det knapt 10 minutt å gå gjennom skogen fram til dagens skøytearena, Turhusvatnet.

Turhusvatnet

Der fekk vi det vi var ute etter. Fin is under eit tynt snølag, og ei stor flate å boltre seg på. Vi fekk prøvd ut både turskøyter med og utan skistavar, og lengdeløpsskøyter med forsøk hendene på ryggen og «overlegging « i svingen. Deretter gjekk vi vidare til nabovatnet, Solhjellvatnet. Begge vatna har god is, som vi vurdere som sikker med god margin. Men ver klar over at dette er regulerte vatn, og det kan vere ein risiko dersom det er nedtappa.

Ein ekstra bonus med ein skøytetur til desse to vatna, er panoramautsynet mot Skjorta og Goksøyra på den eine sida og Jamtetinden og Hesthaugtinden på den andre sida.

Gode skøyteutsikte

Det er meldt og kaldt ver utan nedbør den kommande uka, og det vil sannsynlegvis gi oss mange dagar med gode skøyteforhold både til fjells og i låglandet. Sjå faktaramma for meir informasjon!