Sjukehusområdet i Molde skal omformast.
Eit stort apparat er i gang for å finne fram til framtidas versjon.
Men Molde er ikkje åleine om å stå i store endringar. I Fredrikstad flytta sjukehuset ut av sentrum i 2015.
Åtte år etter, skal dei første snart flytte inn i leilegheiter i det gamle sjukehusets A-blokk.
I Bodø betyr ny flyplass opning for utbygging av eit gedigent område.
Byen har med prosjektet «Ny by - ny flyplass» sett seg store mål.