Midsundrådmann Ketil Ugelvik orienterte kommunestyret torsdag om avtalen, i samband med budsjettet for neste år.

– Avtalen gjeld frå 22. januar 2018. Med denne avtalen får Midsund dekka inn den millionen som mangla på budsjettet, opplyste rådmannen.

Helse- og sosialsjef i Midsund, Leif Arne Lagesen, utdjupar at dette er ein avtale som er bra på mange måtar.

– Det er eit godt grep for å få økonomien vår i balanse, og det er bra med tanke på at tilsette ved sjukeheimen i Midsund framleis kan ha jobb som før. Og ikkje minst er det bra for brukarsida, for pasientar som slepp å bli liggande på sjukehuset etter at dei er ferdig behandla, seier Lagesen.

Han opplyser at Midsund også har fått spørsmål frå andre kommunar om sjukeheimskapasitet.

– Det er ikkje aktuelt å gjere avtale med andre no. Vi forheld oss til Molde, slik det også vil bli i framtida, seier Lagesen.

Midsund kommune bruker sjølv 25 plassar ved sjukeheimen, og har i tillegg to plassar tilgjengeleg for eigne pasientar som vert skrive ut frå sjukehus.