Under ein enkel, men stolt seremoni vart Sjåberghamna på Sandøya innvia på laurdag.

Hamna ligg idyllisk til på austsida av Sandøya tett inntil kvite og innbydande små og store sandstrender i vikene frå Sandøyhyttene til Stor-sanden sør på øya. Og då er det verkeleg snakk om kvite sandstrender og med klårt vatn!

Starta i 2008

Småbåthamna har hatt ei lang utvikling. Første byggesteg sto ferdig i 2008, fortel tidlegare formann Ingvar Sandøy.

Så har det vore mykje att og fram på den byråkratiske vegen før entreprenørselskapet Odd Småge AS frå Aukra fekk kome til med sine gravemaskiner.

Først vart det laga ein molo rundt hamneområdet, tetta igjen, for deretter å kunne arbeide tørt inne der bassenget skulle formast.

Både Ingvar Sandøy og noverande styreformann Per Jakob Sandøy er svært godt nøgd med både arbeidet som er utført og med resultatet.

Seinare på dagen skulle hamna feirast på kringsjå i tillegg til avvikling av årsmøtet.

Plass til 44 småbåtar

Rundt den utlagte flytebrygga er det plass for 44 småbåtar i tillegg til at det er utlagt ei mindre brygge langs eine sida av hamna.

Heile prosjektet har passert ein million kroner. Alt no er 25 båtplassar tinga bort, der kvar båtplass har ein prislapp kr. 40.000,-.

Sånn sett er det enno godt med gjesteplassar.

Fekk gullkornmidlar

Under opningsseremonien refererte formannen Per Jakob Sandøy til eit brev frå Sparebanken Møre. Banken hadde tildelt småbåtlaget kr. 50.000,- i såkalla gullkornmidlar.

I brevet prisa dei engasjementet. Det er slike tiltak som gjer det attraktivt å bu og arbeide rundt om i lokalmiljøa, var helsingsorda frå banken.

Det var godt å sjå at helsinga vart mottatt med stor takk. Her må det også nemnast at Sjåberghamna har mottatt kr. 10.000,- frå Møretrygd.

To småbåthamnar for 25 fastbuande

På Sandøya er det no to småbåthamner for dei 35 fastbuande. Den andre ligg på vestsida inne i Vågen ved ferjekaia.

Likevel er det eit aukande behov for hamner på Sandøya i takt med stadig hyttebygging.

Satsing på skikkelege båthamner er viktige tiltak for trivsel og sikkerheit for både fastbuande og tilreisande.

På sommarstid kan talet på innbyggarar kome opp i 150 stk. Det merka vi godt på laurdag med sjøliv, bading, hytteliv og folk i alle aldrar. Det var tydeleg at dei fleste vi møtte opplever Sandøya som sitt Sommarparadis med stor S.