– Kommunen har gjort ein dårleg jobb i år. Om den er opptatt av snigelplaga må den også feie for eiga dør, seier Hallgeir Gammelsæter, nyvald leiar for Kringstadbukta Vel.

Molde Kommune rydda nyleg opp i det som hadde blitt ein ypparleg yngleplass på Bjørset, og minte om at dumping av hageavfall på friområde er ulovleg.

Gror att

– Vi har fått fleire sniglar, og det gror opp meir kratt her. I helga låg sniglane tett i tett på parkeringsplassen, og det er enda fleire inne i graset, seier Gammelsæter, som trur grunnen er at kommunen ikkje har slått graset.

– Dei har ikkje slått overalt, og der dei har slått er det ikkje gjort godt nok, seier Gammelsæter.

Graset blei klipt på dei store flatene først rett før sankthansaftan, det meiner Kringstadbukta Vel er for lite, for seint.

– Det burde vore slått i mai/juni, og ikkje berre dei store flatene. Dei har ikkje tatt kantslåtten, og fleire parkeringsplassar og stiar er ikkje tatt i det heile, seier leiaren for Velforeininga.

Undrar

– Vi hadde eit møte i slutten av juni, og mange i Velforeininga var veldig misnøgd. Dette er eit mykje brukt friluftsområde, og vi lurer på kva slags kvalitetskrav kommunen sjølv setter seg, seier Gammelsæter, som påpeiker at kommunen har gjort ein god jobb i tidlegare år.

– Nokon må bli sist

Ansvarleg for graset på dei kommunale områda er driftsleiar Wenche Nakken Myrseth. Kvar sommar tar ho langtgrasslåtten to gonger.

– Vi jobbar med saka heile tida, og Kringstadbuktområdet ligg inne i planen vår. Vi skal slå graset i løpet av sommaren, men det krev litt å klippe graset i akkurat dei områda, seier Myrseth.

For å klippe gras langs kantar må ein gå med grastrimmar, i staden for å køyre med grasklippar.

– Det tar tid, og nokon må bli sist. Det er dumt at folk ikkje er nøgd, men vi prøver så godt vi kan, seier Myrseth.

Myrseth meiner derimot ikkje det er dumt at folk uttrykker misnøya dei skulle ha.

Graset veks

I Molde kommune er det mest sesongtilsette som klipper graset. I år er det færre av dei enn før.

– Vi har nokre fantastiske tilsette som gjer ein veldig bra jobb, men vi er ikkje like mange som tidlegare år. Vi må halde budsjettet, men det er ingen store forandringar seier Myrseth.

Driftsleiaren verkar ikkje bekymra over reduseringa i arbeidskraft, men innrømmer at ho har ei problem:

Driftsleiar i Molde kommune, Wenche Nakken Myrseth, kjem etter kvart til Kringstadbukta, men kan ikkje seie akkurat når. Foto: Svein Olav Sæter