Gjemnes: Dei minnest siste døgna av krigsvåren 1940 godt, søstrene Ragna Silseth (82) og Gunvor Solenes (91), fødde Indergaard.

Nært

For Ragna - som krigsvåren var 12 år gammal - er det opplevinga av det tyske flyet som dundra forbi barndomsheimen på Nåstad på Batnfjordsøra som utmerkar seg.

- Det var seint, eg vakna av levenet, og fann ut at eg var åleine på loftet. Dei andre hadde flykta ned i kjellaren, og gløymt meg igjen i hastverket. Då eg såg ut, såg eg rett på soldaten som hadde utkik nedover og bakover i det tysk flyet som strauk forbi i svært låg høgd. Flyet gikk like over flaggstanga få meter frå huset, kom frå fjorden og oppimot dalen. Då forstod eg verkeleg at det var krig, fortel Ragna.

Hemmeleg

Det vart ikkje løyst skot mot huset, derimot vart ein bil denne natta skoten i brann på Rød, lenger inne i bygda. Det vart også skote mot eni lastebåt som låg for anker inst på Batnfjorden.

Det Ragna, Gunvor og bygdefolk flest ikkje visste, var at deler av Norges gullbehaldning dette siste døgnet i april vart frakta gjennom kommunen på lastebilar og med fiskeskøyter.

Ein del kjende til at general Otto Ruge og Hærens overkommando heldt til på Furset desse dagane – 30. april vart ordren om å gi opp forsvaret av Sør-Norge signert der.

Flyaktiviteten hadde slik si forklaring.

Flykta

- Desse tinga fekk vi først kjennskap til etterpå. Det vi ikkje kunne unngå å legge merke til, var dei mange menneska som vart evakuerte frå byane: Då Molde og Kristiansund vart massivt bomba siste veka i april, flykta svært mange hit til Gjemnes. Det var folk over alt, det merka jo vi godt som hadde butikk - det vart som ein samlingsplass, fortel Gunvor.

Ho hadde sjølv reist frå Fiksdal og heimover få dagar før, og kom over fjorden til eit Molde som stod i brann. Då båten skulle legge til kai, gikk flyalarmen, og passasjerane måtte vente med å gå i land.

Fekk ly

Også i Indergaard-heimen vart det spørsmål om husrom; ein drosjesjåfør kom på døra med to militære i stramme uniformer.

- Dei fekk bu her. Då flya kom, rømde vi alle i kjellaren. Framandkarane sa at vi burde komme oss unna, så vi rømde til skogs oppe i Høgsetbakkan’ – der også fleire søkte ly.

«Gjestene» fekk låne sivile klede, og gikk mot Øre til presten som organiserte motstanden.

Gunvors historieinteresserte son Øyvind Silseth har i ettertid spekulert på kven dei to var, og trur distinksjonane som blir skildra indikerte at dei kom frå høge posisjonar i marinen.

- Etter denne dramatikken gikk vi ein periode til sengs «rund» - altså med full påkledning i tilfelle vi måtte ut igjen. Men det roa seg etter kvart, seier søstrene. Dei hugsar likevel mange episodar frå krigstida, særleg knytt til butikken.

Handel

Handelen gikk godt - særleg dei første dagane, med Hærens Sanitet innkvartert i bedehuset like ved.

- Kor dei handla! Vi hadde tilfeldigvis akkurat fått inn mengder av tekstilar av mange slag, blåtøy, flanell og den slags. Dei kjøpte mengder, minnest Gunvor, sentral i drifta av O.G. Indergaards Landhandleri.

Som også hadde tyske soldatar som kundar.

- Det var vanleg med sykkeltroppar på veg mellom Molde og Kristiansund på veg forbi her – dei var på trøsykkel, og stoppa ofte her. Ein gong gikk ein av dei bak disken for å forsyne seg frå hyllene. Då tok ho Gunvor og skyssa han ut igjen med beskjeden «Her er din plass», fortel Ragna, stolt av storesøster si.

Her kan du lese flere historier fra krigsvåren 1940

Søstre: Ragna Silseth og Gunvor Solenes (jentenamn Indergaard) har mange minne frå krigsvåren. Foto: Anita Vingen
Søstre og venner: (F.v.) Gunvor og Ragna Inder-gaard saman med Peder Naastad, Oskar Solenes, Ragna og Thor Øren like før krigen. Foto: Privat