I sommar fortalde Romsdals Budstikke om brørne Oliver og Birk Sletnes, som da hadde teke 125 av årets 194 Stikk Ut-postar.

Høgaste til slutt

Målet var å ta alle, og 10 dagar før fristen kunne gutane fornøgd signere den siste.

– Det var også den høgaste, nemleg Sula i Surnadal, på 1318 meter over havet, fortel mamma Mari Torvik Sletnes. Ho har vore med på alle turane. og opplyser at det måtte ein liten innspurt til i oktober for å få dei siste noteringane i boks. Litt tilfeldig var det da også fleire av dei lengste turane som stod igjen.

Kabal

– Litt av ein kabal å komme i mål! Gutane er også aktive med fotball, så turane måtte innpassast mellom fotballkampar og treningar. Veslesøster i familien er ikkje så interessert i å dra på tur, så med pappa på turnusjobb i Nordsjøen, hadde vi nok ikkje klart dette utan at besteforeldre hadde stilt opp, seier Mari Torvik Sletnes.