Fylkesrådmann Ottar Guttelvik fryktar at fylkeskommunen skal gå på ei udetonert gjeldsbombe. Det gjer også fylkestinget, men dei vil ikkje sette Nordøyvegen på vent.

Saka kjem opp i fylkestinget i Molde i dag, der politikarane skal diskutere strategi og rammer for arbeidet med økonomiplanen for perioden 2015–2018. Her tar fylkesrådmannen til orde for investeringsstopp på ubestemt tid, noko som vil omfatte fleire vedtatte og planlagde prosjekt. Det største einskildprosjektet er Nordøyvegen, med ei samla kostnadsramme på 3,2 milliardar kroner.

– Nordøyvegen er samrøystes vedteken. No må vi vente på innhaldet i kvalitetssikringsrapporten KS2, der vi får endeleg kostnadsoverslag over Nordøyvegen. Innhaldet i den er svært viktig for det som skal skje vidare, seier Oddbjørn Vatne (Sp) til Romsdals Budstikke.

Ingen vedtak

Ottar Brage Guttelvik understrekar at hans forslag gjeld generelt for alle investeringar, men ser at det er Nordøyvegen som får mest fokus.

– Det vi skal diskutere i dag er strategi og rammer med signal for framtidige investeringar, vi skal ikkje fatte vedtak om enkeltprosjekt. Med vedtatte prosjekt i økonomiplanen vil fylkeskommunen kome opp i ei lånegjeld på 8,5 milliardar kroner ved utgangen i 2024. Det er ikkje berekraftig, understrekar Ottar Brage Guttelvik.

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) seier at ein må ha tala frå KS2 på bordet før ein kan bestemme vidare framdrift i saka om Nordøyvegen.

Lever i håpet

– Når vi har dette på bordet, kan vi meine noko. Eg håpar vi har desse opplysningane til det siste møtet i fylkesutvalet før ferien i juli, seier Jon Aasen.

Frank Sve (Frp) vil ikkje akseptere utsetting av Nordøyvegen. Skal fylkeskommunen kutte, kan ein starte med å fjerne tilskotet til operaen i Kristiansund, påpeikar han. At operapengane kjem på driftsbudsjettet, meiner han betyr lite. Her får han full støtte frå Randi Asbjørnsen (Sunnmørslista), som står hardt på kravet om rask igangsetting av Nordøyvegen.

Steinar Reiten (KrF) påpeikar at det vil vere ei stor belastning for politikarane dersom ein må skyve ut Nordøyvegen i tid.

Ureint farvatn

– Fylkestinget er på veg inn i vanskeleg farvatn. Meir enn nokon gong tidlegare treng vi politiske parti som ser heilskapen. Stemmer til fogderilistene kan gjere situasjonen enda meir vanskeleg når vi skal behandle budsjettet. Det kan kome ein situasjon der vi må utsette store investeringar, den førstestore prøva blir under budsjettbehandlinga til jul, seier Steinar Reiten.