Midsund populært i sommar:

- Ny trapperekord, og ny guide

Midsundtrappene fekk i sommar ny rekord med 2.599 besøkande på eitt døgn. No er det også lansert ny lyd-guide for Midsund.

Fornøgde: Frå lanseringa av den nye lyd-guiden med informasjon om 26 besøkspunkt i tidligare Midsund kommune. F.v.: Kjetil Aune, Kolbjørn Stølen og Hilde Bergebakken.  Foto: Privat

Reiseliv

Måndag ettermiddag blei eit nytt tilbod for besøkande til Misund lansert; nemleg ny lyd-guide, som gir besøkande kunnskap om ei rekke severdigheter. Dette etter same modell som guidar for punkt i Molde, Nesset og fleire stader i Øyriket i Møre og Romsdal.