Mange kan få dyrare ferje

Pendlarar og andre med rabattavtale kan miste rabatten på 50 prosent på ferjene.

KAN BLI DYRARE: Vegvesenet foreslår endringar i takst.- og rabattsystemet på ferjene. Ekstra mykje dyrare kan det bli om du har hengar på bilen (bildet).   Foto: Joachim Constantin Høyer

Nyheter

Frå nyttår går ferjeprisen ned. Regjeringa opererer med ein nedgang på 30 prosent, men realiteten er 11,7 prosent når kutta som alt var gjort i haust av den førre regjeringa er tatt med. Dette er likevel første del av det regjeringa har lovt skal bli ei halvering av takstane samanlikna med 1. januar 2021.