No kan du køyre buss på vanleg måte igjen

Trafikken på bussar, hurtigbåtar og ferjer vil no fungere som normalt igjen.

KAN SPRITE: Passasjerar kan framleis få sprite hendene på bussen sjølv om tilhøva elles blir som før pandemien.  

Nyheter

Når regelen om å halde ein meter avstand frå kvarandre blir borte frå laurdag 25. september klokka 16, kan du begynne å reise som normalt igjen med bussane, hurtigbåtane og ferjene til FRAM. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding fredag.

Dette skjer med kollektivtilbodet etter opninga på laurdag:

  • Første seterad på bussane blir opna frå klokka 16 på laurdag.
  • Kontantbetaling blir mogleg så fort vi har fått veksel om bord. For nokon ruter skal det vere mogleg allereie på laurdag klokka 16, men for alle rutene seinast 28. september.
  • Du kan fortsette å bruke billettbetaling med tekstmelding fram til 28. september.
  • Det vil vere mogleg å sprite henda om bord også framover.
  • I tillegg er det viktig å fortsette å følge råda for smittevern som kjem frå lokale og nasjonale myndigheiter.

Oppdatert informasjon om kollektivtilbodet i fylket kan ein finne på frammr.no eller ein kan ringe Fram kundesenter på 71 28 01 00.