Nytt smittetilfelle i Aukra

Ber dei som har vore på Fitnes Point på Jendem fredag, om å vere ekstra oppmerksom på symptom.
Nyheter

Aukra kommune har i dag fått melding om eit nytt Covid-19 tilfelle, melder kommunen måndag formiddag på sine nettsider.

- Nærkontaktar er sett i karantene og smittesporing er gjennomført. Tilfellet har samanheng med utbrot i nabokommune.

Kommuneoverlegen ber om at dersom du har vore på Fitness Point på Jendem fredag 10 september må vere ekstra oppmerksam på symptom og ha låg terskel for å teste deg uavhengig av vaksinestatus.

Kommunen har så langt i september registrert tre positive covid-tilfelle.