Ingen nye smittetiltak i Vestnes

Ikkje fleire smittetilfelle, og ikkje behov for tiltak for å følge opp smittetilfella fredag, melder kommunen.
Nyheter

Etter å ha fått svar på alle testane som vart tatt av nærkontaktar til smittetilfella på fredag, er det klart at ingen fleire har testa positivt på Covid-19, melder Vestnes kommune måndag formiddag.

Fredag melde kommunen om to smittetilfellene med ukjend smittveg, og at fleire nærkontaktar skulle testast.


To nye smittetilfeller i Vestnes – ukjent smittekilde

Det melder kommunen i ei pressemelding fredag ettermiddag.


Dette betyr at det ikkje er naudsynt med tiltak i kommunen, skriv Vestnes kommune på sine nettsider.

Det vert likevel presisert at på grunn av ukjent smitteveg, er det viktig at alle testar seg ved luftvegssymptom.