Nytt smittetilfelle i Aukra kommune

Aukra kommune melder om eit nytt tilfelle av koronasmitte torsdag kveld.
Nyheter

– Aukra kommune har i dag registrert eit nytt tilfelle av covid-19. Personen var allereie i innreisekarantene og nærkontaktane er no i smittekarantene, melder Aukra kommune i ei pressemelding seint torsdag kveld.

Kommunen legg til at det er uvisst kva variant av koronaviruset det er snakk om.